– Tida med 428 kommunar er forbi
(Foto: Arkiv)

– Tida med 428 kommunar er forbi

Det gjentok Knut Henning Grepstad ettertrykkeleg til årdalspolitikarane.

Prosessen rundt kommunereform er godt i gang mange stader i landet, og om ein vil det eller ikkje, må også Årdal ta stilling til dette, anten kommunen vel å stå åleine eller slå seg saman med nabokommunane. 

– Mentalt må de ha dette klart, og så kan de sjølvsagt sitja innst i Sognefjorden og seta at «Me er så langt vekke frå alt mogleg anna at me greier oss sjølv». Det går det, men ikkje så lenge, innleia Knut Henning Grepstad då han talte til ei forsamling på rundt 40 personar førre onsdag.

Grepstad var invitert av Årdal Arbeidarparti til å snakke om kommunereform på eit ope møte, der ein del sentrale politikarar frå ulike parti i kommunen møtte opp. 

Artikkelen held fram under biletet.

HØGRE-MANN: Knut Arne Klingenberg, som gjekk frå Ap-politikarar til å toppa Høgre-lista, var blant dei som møtte opp for å høyra Grepstad snakke om kommunereforma.
HØGRE-MANN: Knut Arne Klingenberg, som gjekk frå Ap-politikarar til å toppa Høgre-lista, var blant dei som møtte opp for å høyra Grepstad snakke om kommunereforma.

Kultur er viktig

Opp til fleire gonger gjentok Grepstad at tida med 428 kommunar er forbi. 

– De må gjera det klart i partia, men også mellom grendene i Årdal. De har Øvre og Tangen, men de må tenkja litt på det også, og av og til kan ein lura på om de er merksame på at de skal ha med dykk alle. 

– Eg vil minna om at kulturen er ulike i kommunen og innad i eit parti, og ulike i desse kommunane som skal inn i ein mogleg prosess. Kultur er veldig viktig. Det blir for enkelt å stilla spørsmålet om kor rådhuset skal liggja, seier han.

Og det var dette Grepstad prøvde å framheva overfor dei oppmøtte som på ein eller annan måte skal vera med på å bestemma kva Årdal skal gjera på dette fronten. 

Respekt og truverd

For at ein skal unngå ein framtidig krangel og diskusjon om kor rådhuset skal liggja, var det fire verdiar han meinte politikarane må ta med seg; respekt, truverd, dialog og fristar i prosessen. 

– Det å skulle gå inn i ein ny kommunestruktur er å samarbeida med nokon ein ikkje har samarbeidd med før. Det er å tenkja nytt. Kor ofte er det ikkje slik at me ikkje tenkjer nytt, men heller tenkjer korleis eg kan få mest mogleg ut av min noverande situasjon i den nye relasjonen?

– Det er nemleg slik at det er stor forskjell på det å få noko med på laget og det å erkjenna at den prosessen ein står føre er ein prosess der ein skal få frå «me og dei» til «oss». 

– Eg er ikkje komen hit for å fortelja korleis løysingane mellom kommunane skal vera, men poenget er at når de har bestemt dykk for ein del ting som er viktig for at samanslåing skal finne stad, så oppstår det utfordringar til det å transportera ting til dømes, men ein må ha ei grunnleggjande tilnærming basert på dette for at ein kan snakka om slike ting. Ein kan ikkje ta dette innleiingsvis, understrekte han. 

Ueinig i grunnlaget for reforma

Aleksander Øren Heen (Sp) minna om at det ikkje var eit stort lokalt ønske om kommunereform og kommunestrukturdebatt. 

Artikkelen held fram under biletet.

UEINIG I GRUNNLAGET: Aleksander Øren Heen (Sp) understreka at han er ueinig i grunnlaget for reforma.
UEINIG I GRUNNLAGET: Aleksander Øren Heen (Sp) understreka at han er ueinig i grunnlaget for reforma.

– Me er tvinga inn i det og må handtera det. Spørsmålet me må spørra oss er kor raskt me ønskjer å gå fram, kva som er neste steg og kven me vil samarbeid med. Det er mangge uavklara spørsmål her, og eg trur det vil ta tid å finna svar.

– Du seier me skal gløyma kor ting skal liggja, men det er jo kanskje det mest vesentlege i dette, påpeikte Sp-politikaren.

Dei same ønska

Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) argumenterte med at alle kommunane i Sogn innst inne vil det same, og at ein må ha det i tankane når ein skal gå inn i samarbeid.

– Kva er det me vil? Jo, me vil at ungdommen skal bli verande, at dei skal vera her lengst mulig, me vil ha auka folketal og ny vekst, fleire arbeidsplassar og ein region i vekst. Det er det viktigaste og noko eg trur alle ønskjer. Det er slik me må tenka.

– Me har alt. Me har det vakraste av natur, potensial så det syng etter på reiseliv, industri, utdannings- og helseinstitusjonar. Me har eit slikt potensiale til å veksa ilag, og då må me møta kvarandre med respekt og dialog.

Samhald i kommunen

I enkelte kommunar og regionar er samanslåing meir naturleg og enklare enn andre stader i landet, og Grepstad var klar på at ein må byggja samhald i kommunen.

– Ein kan seia at det ikkje er noko problem når ein tenker samanslåing, men er det ikkje det? Viss det er ei utfordring og motsetnader, har de ei heimeleksa å gjera.

– De må byggja samhald. Det samhald må byggjast innad i partiet, og det må byggjast samhald i heile kommunen og i bygdene. Ein må få vekk desse fløyane. Viss ikkje, blir det lett dobbeltkommunikasjon, og då blir det ein grobotn for at ei gruppering i ein kommunane kan snakka med ei gruppering i ein annan, og så oppnår ikkje ein det samarbeidet som er naudsynt. Då er det lett å spore av på tema som er lite fruktbare.

– Det er krevjande det de blir invitert til å vera med på no. De må gi opp noko av det de tenkjer til fordel for noko nytt og betre. Frå «me og dei» til «oss».

Til toppen