VIKTIG: Tide vil leggje vekt på at bussruta korresponderer med annan kollektivtransport i regionen på viktige knytepunkt langs traséen, slik som Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Luster.
VIKTIG: Tide vil leggje vekt på at bussruta korresponderer med annan kollektivtransport i regionen på viktige knytepunkt langs traséen, slik som Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Luster. (Foto: Pressefoto)

Tide Buss:– Heilt naturleg med direktebuss mellom Sogn og Bergen

Tide Buss AS trur at det er eit behov for direktebuss frå Sogn til Bergen, og startar opp med ekspressbussrute 24. juni.

Indre Sogn: Nyleg meldte Vy tidlegare Nettbuss, at dei ville leggje ned strekninga Voss-Bergen på ekspressbussruta som går mellom Sogndal og Bergen frå 24. juni i år. Det oppstår då eit hol i busstilbodet mellom Sogndal og Bergen som Tide Buss AS ønskjer å tette.

– Med tanke på samanslåing av fylker, er det heilt naturleg at det skal gå ein direktebuss mellom Sogn og Bergen, seier Nils Solheim, ressursleiar i Tide Buss AS.

Vy sitt busstilbod på strekninga kjem til å bestå av buss frå Sogndal til Voss og vidare korrespondanse med tog frå Voss til Bergen. 

– Me trur at det er eit behov for busstilbod heile vegen frå Sogn til Bergen. Gjerne eldre folk kan kvi seg for å bytte frå buss til tog i løpet av turen, seier Solheim.

Buss direkte til Haukeland sjukehus

Ekspressbussruta vil i fyrste omgang ha ein dagleg avgang, måndag til fredag og søndag, i kvar retning. Ruta blir lagt opp slik at det er mogleg å reise tur/retur Sogn-Bergen på ein dag, og endestopp i Bergen blir på Haukeland sjukehus, slik at man kan bruke ekspressbuss i samanheng med sjukehusavtaler.

– Me veit at det er mange som treng å koma seg til Haukeland sjukehus. Då er det trygt og godt å kunne setje seg på ein buss som tek ein frå Sogn til hovudinngangen ved sjukehuset, seier Solheim.

I sommarhalvåret vil tilbodet bli utvida med ei dagleg sesongrute mellom Bergen og Flåm.

Tide vil leggje vekt på at bussruta korresponderer med annan kollektivtransport i regionen på viktige knytepunkt langs traséen, slik som Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Luster.

Det er likevel ei forutsetning at ekspressbussruta blir godkjend av Hordaland Fylkeskommune og at det skjer ei rask sakshandsaming. Tide får i fyste omgang starte opp ruta på dispensasjon, inntil løyvesøknaden er ferdig behandla.

Ruta vil køyre under profilen til Nor-Way Bussekspress.

Til toppen