Sogndal: – Det er artig å sjå at folk kosar seg og er nøgde, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter i Hodlekve.
I helga hadde skisenteret ope i heile anlegget for første gang i år. Sjølv om det er tidleg i sesongen, var det nok av snø.

– Det er godt over ein meter på midtstasjonen vår. Eg kan aldri hugsa at det har vore slike snømengder i november, seier Grevsnes.
Han seier ein god start ofte er avgjerande for om dei går i pluss eller minus på slutten av sesongen. Det gjeld alle skianlegg. Kjem snøen seint, skal det mykje meir til å motivera folk til å kjøpa sesongkort.
– Det du får gjort før jul er veldig viktig, seier Grevsnes, vel vitande om at det enno er ein månad igjen til den tid.
Den eventyrlege sesongstarten er ikkje berre viktig for skisenteret, men for studiestaden Sogndal, trur han.
– Brorparten av kundane våre no er studentar og dei er superfornøgde. Eg trur ikkje dei angrar på val av studiestad, for å seia det slik.
Han har ikkje fått oversikt over kor mange sesongkort dei har solgt, men førehandssalet har vore bra og etter opninga har det vore stort trykk i kiosken. Pengane har nærast strøyma inn denne helga, fortel Grevsnes.
– Det ser veldig bra ut. No skal det blir litt kaldare, så vêret òg verkar lovande, seier Grevsnes.