TEK FØRARSETET: Ole Gunnar Krakhellen (til venstre) tek over etter Jostein Aanestad og blir konstituert rådmann ut året. Det er tilrådinga til ordførar Jarle Aarvoll (til høgre).
TEK FØRARSETET: Ole Gunnar Krakhellen (til venstre) tek over etter Jostein Aanestad og blir konstituert rådmann ut året. Det er tilrådinga til ordførar Jarle Aarvoll (til høgre). (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

«Tidenes yngste ordførar» blir rådmann ut året

Kommunestyret får èin kandidat å velja mellom.

Sogndal: Torsdag skal kommunestyret i Sogndal konstituera ein rådmann frå mai og ut året.

Kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen er mannen ordførar Jarle Aarvoll føreslår.

– Sidan Sogndal kommune er i ein omstillingsprosess ved etablering av nye Sogndal kommune legg ordførar vekt på å få konstituert ny rådmann i god tid før sitjande rådmann trer tilbake. Det vil gje noko tid for overlapping mellom sitjande rådmann og ny konstituert rådmann, skriv Aarvoll i saksutgreiinga til torsdagens møte.

På lånt tid

Det var i slutten av januar at rådmann Jostein Aanestad avslørte at han har fått ny jobb frå 1. mai.

Dermed måtte ordføraren på leit etter ein kandidat som kan fylla rolla fram til Stig Arne Thune tek over 1. januar 2020, då samanslåinga er med Balestrand og Leikanger er i boks.

Med seg i prosessen har Aarvoll hatt varaordførar Laura Kvamme, opposisjonsleiar Karin Vikane og tillitsvalde.

I 2011 vart Krakhellen den yngste ordføraren i fylket gjennom tidene, då han vann klubba i heimkommunen Solund. Frå 2016 har han vore kommunalsjef for oppvekst i Sogndal.

 

Til toppen