TIDLEGARE SPELAR: Ole Gunnar Hunderi såg kampen frå tribuna men skulle helst sett til at han var på bana sjølv.
TIDLEGARE SPELAR: Ole Gunnar Hunderi såg kampen frå tribuna men skulle helst sett til at han var på bana sjølv. ( Foto: Synne Asheim Haga )

Tidens toppscorar for Årdal FK såg kamp frå tribuna: – Eg har lyst å spela kvar gong eg er her – Sjå bildegalleri

Det var god stemning på tribuna under kampen mellom Årdal og Eid.

Årdal: – Det er kjekt med så fint vêr, men eg er alltid på kamp eg, seier Ole Gunnar Hunderi. Den pensjonerte toppscoraren var ein av mange som møtte opp på kamp i sola. 

Sjå bilde galleri nederst i saka

– Det er jo ikkje så kjekt å følge med frå tribuna men det er artig å sjå ungdomane spela. Eg blir jo engasjert, seier han. 

Engasjementet før var enormt

Han slutta med fotball i 2008 som 38-åring etter mange år på fotballbana.

– Då var det på tide å gje seg.

Han fortel om ei tid der det var fleire hundre folk på kamp og eit enormt engasjement. 

– Viss det var 400 personar som møtte, då var det lite folk på kamp. Engasjementet den gongen var heilt vanvittig. 

– Det bør vera 3. divisjon i alle fall

No er Hunderi oppteken av at fotballen består og at dei held seg i divisjon. 

– Det har alltid vore ein voldsom kultur for fotball i Årdal, men det skulle vore ein divisjon høgare syns eg, men det kjem. Det må me berre tru på for sånn bør og skal det vera. 

Den pensjonerte fotballspelaren lengtar tilbake til fotballbana og kunne godt tenkja seg å spela endå. 

– Eg får lyst å spela kvar einaste gong eg er her framme, men det er ikkje hjelpi for musklane heng ikkje saman lenger. Eg har ungar som spelar fotball så eg er ofte på bana men det blir strekk, eg er for dårleg trent, seier han. 

– Burde vore grøne drakter endå

Ein annan pensjonert fotballspelar som går på alle kampane er Magne Nord. 

ENGJASJERT: Magne Nord er glad i å sjå på fotball. Foto:  Synne Asheim Haga

– Eg er veldig interessert i fotball og har spelt både på Jotun og Eid. Den gongen var det litt andre forhold med både eigen supporterklubb og 5-600 folk på kvar kamp. Men dei burde hatt andre drakter og heitt Jotun endå då, seier han og ler. 

(Foto:  Synne Asheim Haga )
(Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
(Foto:  Synne Asheim Haga )
(Foto:  Synne Asheim Haga )
(Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
(Foto:  Synne Asheim Haga )
(Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga Foto: Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
( Foto:  Synne Asheim Haga )
(Foto:  Synne Asheim Haga )
Til toppen