PALMEREVY: Tradisjonen tru inviterer Lærdalskompaniet til revy i Lærdal kulturhus også denne påsken. Foto: Privat.
PALMEREVY: Tradisjonen tru inviterer Lærdalskompaniet til revy i Lærdal kulturhus også denne påsken. Foto: Privat.

«Tidlaust» i Lærdal

Lærdalskompaniet har det meste på plass til palmerevyen komande helg.

Lærdal: I mange år har revygjengen i Lærdal gleda publikum med lettliva underhaldning siste helga før påske. Slik blir det også i år, der revyen har fått tittelen «Tidlaust».

– Ja, i år har bevegar me oss både i notid og fortid. Noko ligg kanskje òg litt inn i framtida, seier Ragnar Sanden i Lærdalskompaniet. 

Mellom anna har dei laga sin eigen versjon av eit kjent folkeeventyr. Påsken nærmar seg, publikum vil difor bli minna på kor viktig det er å vere godt førebudd når ein skal på skitur. Kanskje kjem òg paven på besøk til kulturhuset i Lærdal, men dette er førebels ikkje bekrefta frå Vatikanet, fortel dei.

Meir musikk

– Publikum vil nok kjenne att måten revyen er bygd opp på. Mykje er smidd over same lest, men me har i år valt å bruke fleire musikkinnsalg enn tidlegare, fortel Kristen Olav Grøttebø, som saman med Tom Karlsrud, Ragnar Sanden, Magne Grøttebø, Steinar Kvigne og Gudmund Bolstad Skjær utgjer Lærdalskompaniet.

Karane har mange års erfaring med revyarbeid, men er like spente kvar gong dei går i gang med eitt nytt meir eller mindre halsbrekkande prosjekt.

– Det er mykje arbeid før ein er klar for premieren, men så lenge motivasjonen er der, og det er kjekt å halde på, går det ganske greitt, seier Ragnar Sanden.  

Revyen er i Lærdal kulturhus fyrstkomande fredag og laurdag. 

Til toppen