TIL ÅRDAL: Sondre Lerche kjem til Årdal og Målrock for første gong i 2017. Foto: Pressefoto.
TIL ÅRDAL: Sondre Lerche kjem til Årdal og Målrock for første gong i 2017. Foto: Pressefoto.

Tidleg julegåve til Målrock-fansen

Sondre Lerche og Brut Boogaloo besøker Målrock for første gong. 

Årdal: Målrock har ikkje berre ein, men to julegåver til fansen to dagar før julaftan i år. Torsdag presenterer dei to heilt nye ansikt som aldri før har spelt på festivalen.

– Det er alltid stas å kunne presentere artistar som ikkje har spelt på Målrock tidlegare, seier festivalsjef i Målrock, Thomas Norheim Moen i ei pressemelding.

– Me er veldig nøgde med å gi nok ei julegåve til Målrock-publikummet. Med Sondre Lerche og Brut Boogaloo har me to artistar som har heilt ulike musikkuttrykk, og det vil garantert glede musikkentusiastar som vitjar festivalen vår. Det er berre til å forberede seg til ei særs spanande 2017-utgåve av Målrock i Årdal.

Artikkelen held fram under biletet.

TIL MÅLROCK: Brut Boogaloo frå Oslo spelar på Målrock for aller første gong i 2017.
TIL MÅLROCK: Brut Boogaloo frå Oslo spelar på Målrock for aller første gong i 2017.

Slo gjennom i 2001

Sondre Lerche slo gjennom i Noreg i 2001 med albumet «Faces down» og seinare internasjonalt med albumet «Two Way Monologue». 

Lerche er blitt ein pupulær figur over heile verda med sitt særeigne lydbilete. Han har vunne Spellemannprisen, og seinast har han vore mentor i det populære talentprogrammet The Voice på TV 2.

Brut Boogaloo er eit Oslo-band med tilknytingar til Thulsa Doom. Dei er kjent for fengande 70-talsrock. I 2017 kjem dei med ei heilt fersk plate.

Fekk støtte

Fredag i førre veke fekk Målrock ei gledeleg melding då Norsk Kulturråd fortalte at dei gir 100.000 kroner i støtte til festivalen i år. 

– Me er godt nøgde med breidda og mangfaldet i årets festivaltildelingar. Kulturrådet ønskjer å sikre eit godt festivaltilbod over heile landet, og ønskjer at alle sjangerar og musikkformer skal nå eit nytt og breiare publikum. 

– I årets tildeling har fagutvalet prioritert festivalar av særleg nasjonal, regional og sjangermessig betydning og har vore opptatt av å harmonisere tilskotsnivået for samanliknbare festivalar, seier leiar for musikkutvalet for arrangør- og festivalstøtte Jan Ole Otnæs.

Også Vinjerock og BaleJazz fekk støtte frå Kulturrådet i tildelinga for 2017.

Til toppen