TIDLEG UTE: Anders Voll Eltun er tidleg ute med gulrøttene i år. Fredag var det full fart på jordet. Foto: Jan Christian Jerving.
TIDLEG UTE: Anders Voll Eltun er tidleg ute med gulrøttene i år. Fredag var det full fart på jordet. Foto: Jan Christian Jerving.

Tidleg ute med potetene og gulrøttene

Fredag ettermiddag var aktiviteten stor på gardsbruka på Voll i Lærdal.

Voll: På garden til Anders Voll Eltun gjekk traktoren fram og tilbake. Her var han godt i gong med å så gulrotfrø på det om lag elleve mål store jordet.

– Me er nok førstemann i år, seier Eltun, som går bak traktoren til kårkallen Knut som styrar traktoren med stødig hand .

– Denne garden ligg fint til med mykje sol. Her har me sol om lag åtte og ein halv time om dagen, så det hjelper på. Frøa me sår ligg fem til ti millimeter ned i jorda. Det skal vera minst mogleg jord oppå frøa, forklarar han.

Artikkelen held fram under biletet.

NETT UNDER: Gulrotfrøa vert sådd mellom fem og ti millimeter under jorda.
NETT UNDER: Gulrotfrøa vert sådd mellom fem og ti millimeter under jorda.

Dei neste dagane er det meldt regn, men når det er omme, vert åkeren sprøytt med ugras før ein legg på plast. Det er allereie fastsett dato for innlevering av gulrøttene i veke 29.

Lang tradisjon med gulrøtter

På garden til Anders Voll Eltun har dei god erfaring med gulrøtter og poteter. Den oransje grønsaken har dei drive med i om lag 30 år. Anders overtok garden i 2013 etter far sin Knut som då hadde vore bonde sidan han tok over i 1982.

Artikkelen held fram under biletet.

LANG TRADISJON: På garden til Eltun har dei drive med gulrøtter i 30 år.
LANG TRADISJON: På garden til Eltun har dei drive med gulrøtter i 30 år.

På nabogarden til Eltun ligg gardsbruket til Arne Slogvik. Sistnemnde køyrer forbi i traktoren sin og fortel at han held på med å setja poteter.

– Me er visst førstemann i år, seier Slogvik etter ein telefonsamtale med Rickard Lysne som saman med Per Hjermann vanlegvis er dei første som får potetene i jorda. Dei skulle setja potetene i jorda etter helga.

God hjelp

Bak på traktoren til Slogvik var det tre generasjoner som ville vera med og setje potetene. Dei to yngste, Håvard Birnis Voll og Tore Molde Voll, tykkjer det er stas å få vera med her dei sit bakpå saman med far til Håvard.

Artikkelen held fram under biletet.

ÅRETS FØRSTE: Årets første poter blir sett i jorda her. Martin Birnis med sonen Håvard og søskenbarnet Tore Molde Voll bakpå traktoren.
ÅRETS FØRSTE: Årets første poter blir sett i jorda her. Martin Birnis med sonen Håvard og søskenbarnet Tore Molde Voll bakpå traktoren.

– Me er litt spente på resultatet med nydyrka åker. Spenninga er òg knytt til kva prisar det vert på tidlegpotetene i år. Det har noko å seie om dette er lukrativt eller ikkje.

Tidlegpotetene er det ein del arbeid med fordi det sit to personar bakpå og set potetene for hand. Difor har prisen mykje å seia for om det er vits å driva med eller ikkje, vert det forklart.

Til toppen