Leikanger: Den tidlegare sjefen i fylkeskommunen vart i starten av september dømt til fengsel i to år og til å betale 2,7 millionar kroner i erstatning for innkjøpa han gjorde.
Mannen kjøpte alt frå kamera-, video-, nettverks- og lydutstyr til nettbrett, radio, pulsklokker, gåvekort og droner på fylkeskommunen si rekning, ifølgje dommen i tingretten.
– Dommen er feil. Han har erkjent utruskap for kring 200.000 kroner. Utover det har han ikkje vedgått noko som helst, seier forsvarar Stig Nybø til NRK.
Ankefristen for dommen gjekk ut i går og forsvararen stadfestar overfor statskanalen at dommen blir anka.
– Det er verre å bli uskuldig dømd enn å måtte ta ei ny runde i retten, seier advokaten.