TOGHOPPAR: For programleiar Rebecca Nedregotten Strand (36) vil turen med Flåmsbana vekke gamle minner om ein litt spesiell sommarjobb. Foto: Marit Hommedal/NRK.
TOGHOPPAR: For programleiar Rebecca Nedregotten Strand (36) vil turen med Flåmsbana vekke gamle minner om ein litt spesiell sommarjobb. Foto: Marit Hommedal/NRK.

Tidlegare hulder er programleiar når Sommartoget kjem til Flåm

– Det er ei fantastisk etappe med veldig variert natur: frå høgfjellet og heilt ned til fjorden. Eg veit kor fin den turen er, så det er ei glede å få vere med.

Flåm: Frå 27. juni til 19. august rullar Sommertoget til NRK gjennom 17 fylke og 118 kommunar. Alt blir i kjent stil vist i storslagne minutt for minutt-sendingar.

REISERUTA: Slik ser reiseruta ut når Sommartoget legg ut på ferda 27. juni. Illustrasjon: Ellen Baumann/NRK
REISERUTA: Slik ser reiseruta ut når Sommartoget legg ut på ferda 27. juni. Illustrasjon: Ellen Baumann/NRK

Veke 30 er det Flåmsbana som står for tur og den 28. juli trillar toget inn på perrongen i Flåm. Programleiar for denne etappen er Rebecca Nedregotten Strand (36) som jobbar i NRK Hordaland. For ho blir det eit gjensyn med gamle trakter.

Ho fortel at ho tok Flåmsbana mange gongar då ho jobba der som huldervikar i ei veke rundt tusenårsskiftet. 

– Eg budde i eit lite hus i Flåm. Kvar morgon tok vi bana opp, sat i ei campingvogn i bunkersen og venta på å vere hulder. Eg hugsar vi hadde på oss masse regnkle under kjolen. Men no må ikkje du skrive for mykje, for eg veit ikkje kor mykje eg har lov til å avsløre, seier Strand med ein trillande latter.

Les også: «Sommeråpent» til Flåm: – Dette blir ein festdag

– Eg må sei eg er veldig nøgd, det er ei fantastisk etappe med veldig variert natur: frå høgfjellet og heilt ned til fjorden. Eg veit kor fin den turen er, så det er ei glede å få vere med, seier Strand.

Rebecca Nedregotten Strand er kjent som programleder for mellom annet «Reinflytting minutt for minutt», «Nasjonal vedkveld» og «Nasjonal strikkekveld». Med andre ord er ho godt kjent med konseptet.

– Noko av det fine med sakte-TVer nettopp at du har god tid. Når du møter folk undervegs, så har du tid til å snakke med dei på lufta. Når programma varer ein halvtime så har du gjerne tidspress, intervju må gjerast unna på to til fem minutt. På sakte-TV har du tid til å høyre kva folk seier og gjerne ha dei med som gjester fleire gonger i eit program. Det er aldri tidsnaud, seier Strand.

Til toppen