UTSLEPP: Tangingane har reagert på utslepp frå Hydro i sommar, no lovar dei betring, noko Egil Jørgen Lund seier er bra.
UTSLEPP: Tangingane har reagert på utslepp frå Hydro i sommar, no lovar dei betring, noko Egil Jørgen Lund seier er bra. (Foto: Arkiv/NRK)

Tidlegare Hydro-tilsett meiner gassen på Årdalstangen er skadeleg – Hydro er ueinig

Det seier Egil Jørgen Lund på Årdalstangen.

Årdal: Han har jobba som bygningsingeniør på Hydro i 24 år. Før dette, i 1967- og 68, var han praktikant på laboratoriet på karbon. 

– Eg tok prøvar av gassen og analyserte den ein gong i veka. Viss du pustar inn røyken, er den jo farleg, det er kreftframkallande PAH-stoff i den. 

– Røyken er kanskje ikkje direkte farleg om den kjem høgt nok opp og blir blanda med luft, men når den kjem så tett og nært på folk så lenge, er det verre. 

Han var ikkje tilstades på informasjonsmøtet som Hydro heldt tysdag kveld.

– Då var eg i Bergen, ellers hadde eg sjølvsagt møtt opp. Eg tykkjer det er bra at dei tek tak i det og viser at dei verkeleg ynskjer å ordne opp, og eg håpar at dei lukkast med å få det til.

Hydro: Stoffa er ikkje giftige i den konsentrasjonen

I ein mail til Porten.no svarer Hydro på kritikken.

– Det var synd at Lund ikkje var på nabomøtet, der han ville fått informasjon og svar på spørsmål han måtte ha, seier Wenche Eldegard, fabrikksjef på Hydro i Årdal.

Vidare fortel ho at Hydro tar situasjonen på alvor og at dei ikkje forsøkjer å bortforklara situasjonen.

– Det er viktig å halde seg til fakta. Me har sett inn store ressursar på å korrigere avvika, som ikkje skal skje.

– Samstundes er det viktig å understreka at PAH er eit samleomgrep på mange stoff, der nokre kan vere kreftframkallende ved høg belastning over tid. Stoffa er ikkje giftige i den konsentrasjonen dei har, og dei korte periodane med utfall er fortsatt godt innanfor våre utsleppsløyve og gjer dermed ikkje auka risiko. Men me har stor forståing for at det kan vere ubehageleg for naboar i dei periodane det har pågått, og me jobbar for snarast å betre situasjonen me har hatt i sommar.

Meiner utsleppa har vore til irritasjon

Han understreker at utsleppa denne somaren ikkje er livsfarlege, men at dei har vore til irritasjon for innbyggjarande.

– Det har den vore for mange av dei, og det likar me ikkje. Eg tykkjer det er pussig at etter så mange år med teknologi og ressursar, så er det rart dei ikkje har fått meir kontroll på det endå.

Han meiner òg at Hydro burde greidd dette til no.

– Det er trist at me enno ser at dei ikkje får det til å fungere 100% med utsleppa. Teknisk og miljømessig er alt vorte veldig bra dei siste åra. Det som heng att er renseanlegget. Det er den same røyken som kjem ut i dag som kom ut då.

Meiner folk ikkje torer å seie ifrå

Han meiner at mange ikkje torer å seia kva dei meiner om røyken, og at han kjenner fleire som har vore sinte grunna utsleppa.

– Mange har familie og vener som jobbar på Hydro, og dermed torer dei ikkje gå ut og seia kva dei meiner.

– Hydro vil jo roa ned folk og ynskjer ikkje at folk skal bli redde, men eg tykkjer ikkje det er heilt bra at dei seier den er ufarleg.

Tykkjer det er bra at Hydro gjer tiltak

Til tross for at han ikkje er heilt samd i Hydro sine utsagn om gassen, legg han til at han har hatt ei god tid som tilsett der.

– Det har vore ein god arbeidsplass, der dei alltid har vore opptekne av helse, sikkerheit og miljø. Men uhell kan skje, og då er ikkje røyken bra. 

Hydro på si side kjem med ein rapport i september frå ei ekspertgruppe som har gått gjennom alt for å sjå kva forbetringar dei kan gjera. 

– Det er bra at dei no gjer tiltak, og fint at dei verkeleg trøkker til. Så håpar eg dei lukkast med det, avsluttar Lund. 

Til toppen