DUGNAD: Seinorlaget var ikkje vanskelege å be, då idrettshuset til Jotun IL trengte eit strøk måling!
DUGNAD: Seinorlaget var ikkje vanskelege å be, då idrettshuset til Jotun IL trengte eit strøk måling! (Foto: Synne Asheim Haga)

Tidlegare Jotun-stjerner tok eit tak for Jotunhuset: Sjå bileta!

No når Jotun IL går inn i sitt 95. år, kunne ikkje senior-gruppa la Jotunhuset stå med sprukken måling. Sjå bileta frå dugnaden!

Årdal: Då Jotunhuset i Øvre Årdal trong eit strøk måling, stilte karane frå senior-gruppa opp på flekken. 

Fleire av medlemma har nemleg ein lang historie med huset, som stod nytt i 1958, og vil gjerne vera med å halde det i vedlike. 

– Me gjekk på skule i førsteetasjen i dette huset. Det var det bibliotek, og der borte var det gymnastikksal, fortel dei medan dei peikar til dei forskjellige romma. 

Du kan sjå bileta nedst i saka.

Seniorlaget var oppretta for omlag 10 år sidan, den gongen trappa senior-gruppa opp og måla Jotunhuset.

– No var det slite, så då kom me i senior-gruppa saman og tok oss ein dugnad over nokon dagar.

Tre dagars dugnad

Då Porten.no møter dei ved Jotunhuset er det sju stykk som arbeider rundt bygget. Nokre står høgt oppe i stigar med malingsbytta i handa.

Dette er tredje dagen av dugnaden:

– Me har vore omlag 7-8 stykk kvar dag. Senior-gruppa er mykje større, med rundt 30 medlemmar. Men det er mest fagfolk som er her i dag, fortel Terje. 

Gruppa stillar opp med mykje frivillig arbeid for idrettslaget. Dei har blant anna stått for bygginga av ballbingen ved Farnes skule, kor dei framleis driv med mykje vedlikehald. 

– Å setja opp bingen var gjort på ein augenblink! skyt 90 år gamle Sigmund inn med eit smil. 

Nestleiar i Jotun:– Utruleg verdifulle for Jotun

– Desse karane gjer ein uvurderleg innsats for idrettslaget vårt, dei er utruleg verdifulle for idrettslaget vårt, seier Mona Nytun, nestleiar i Jotun IL.

Ho fortel at ein viktig mål for idrettslaget er at medlemsskap og treningsavgifter skal  vera så låge som mogleg:

- Alle skal ha råd til å vera med i idrettslaget vårt. Det hjelp desse karane her til med den knallgode jobben dei gjer ved dugnadsarbeid, sler ho fast.

Ivaretek historie og tradisjonar

I 2023 fyllar Jotun IL 100 år, og legg med det bak seg ein lang og imponerande historie. 

Nytun legg vekt på kor viktige medlemma i senior-gruppa er for idrettslaget:

– Dei bidreg med å ivareta klubben sine historiar og tradisjonar. Dei kan fortelje oss nyare medlem om ein spanande og viktig lokalkunnskap og historie. Det er utruleg verdifullt!

På dugnaden finn me eit stjernespekka utval av tidlegare Jotun-spelarar.

Ein av dei er Sigmund Øren, som har spelt heil 504 kampar for Jotun, som tykkjer det er svært artig å vera med på dugnad, år etter år:

– Det er jo artig. Det er veldig sosialt å vera med. Her kan det skje mykje rart. Me lyg, kjeftar litt, og ler mykje, seier han. 

PAUSE: Ein litan matpause må vera lov etter tre dagar med dugnad! (Foto: Synne Asheim Haga)
STÅR PÅ: Karane i seniorlaget tek seg grundig til verks når dei måla idrettshuset til Jotun. (Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
STILLAR OPP: Då idrettshuset til Jotun IL trengte eit strøk med måling, stilte karane frå seniorlaget opp. (Foto: Synne Asheim Haga)
SOSIALT: Karane skryt over kor kjekt det er å treffast, sjølv på dugnad. (Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
IKKJE REDDE FOR HØGDAR: Målinga av rekkverka kravde stigar, det var inga problem, for høgdeskrekk har dei ikkje! (Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
DUGNAD: Seinorlaget var ikkje vanskelege å be, då idrettshuset til Jotun IL trengte eit strøk måling! (Foto: Synne Asheim Haga)
DUGNAD: Seinorlaget var ikkje vanskelege å be, då idrettshuset til Jotun IL trengte eit strøk måling! (Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
SOLSKIN: Dei sju som møtte på dugnad tredje dagen var heldige med veret. (Foto: Synne Asheim Haga)
FINVER: Den fine veret gjorde det nok kjekkare å stå i stige, enn om det hadde regna! (Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
SMØRBLID: Karane heldt humøret oppe med målekosten i handa. (Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
(Foto: Synne Asheim Haga)
Til toppen