DOMMARBRÅK: Tidlegare Jotun-trenar Almir Ljajic kom i medias søkelys søndag etter at han truga med å slå ned dommaren. Foto: Arkiv. 
DOMMARBRÅK: Tidlegare Jotun-trenar Almir Ljajic kom i medias søkelys søndag etter at han truga med å slå ned dommaren. Foto: Arkiv. 

Tidlegare Jotun-trenar i dommarbråk

Almir Ljajic truga med å slå ned dommaren etter tap.

Årdal: Ljajic var trenar for handballaget til Jotun i 2011/12-sesongen. No er han trenar for Ålesund herrar, som spelar i 2. divisjon. Søndag tapte dei for NTNUI, og etter kampslutt blei Ljajic vist det raude kortet for munnbruk, skriv Sunnmørsposten.

Då dommar Morten Neerland antyda at det mest fornuftige ville vera om ÅHK-trenaren heldt munn, small det frå Ljajic.

– Ingen ber meg holde kjeft. Viss du ber meg halde kjeft ein gong til, slår eg deg rett ned, svarte han.

Sjølv etter å ha fått roa seg ned, stod han fast på sitt, men måndag beklagar han raserianfallet til Sunnmørsposten.

– For å seia det rett ut. Adrenalinet og frustrasjonen tok heilt overhand for meg. Eg seier det same til deg som til alle andre som har tatt kontakt med meg: Eg har tatt kontakt med dommaren og personleg beklaga det eg har sagt. Eg er ikkje den typen der, seier måndag føremiddag.

Jotun blei nummer tolv den sesongen Ljajic var trenar og tok 15 poeng. Det resulterte i nedrykk frå 1. divisjon. 

Til toppen