Tidleg:  Per Hjermann jr. har "smugtitta" under fiberduken sin og fått konstatert at potetene er i rute og vel så det. Foto: Privat
Tidleg:  Per Hjermann jr. har "smugtitta" under fiberduken sin og fått konstatert at potetene er i rute og vel så det. Foto: Privat

Tidlegpotetene er tidleg ute

Om ei god veke kjem dei første lærdalspotetene opp av jorda.

– Mellom tiande og femtande juni reknar me med å starta opptaket, seier Rikard Lysne, styreleiar i Lærdal Grønt.

Tidleg opptak gjev betre økonomi

I fjor kom dei første potetene opp av jorda 19.juni. Med den relativt varme og stabile våren som har ser det altså ut til at bøndene kan starta opptaket ei veke før - og forbrukarane kan dermed handla lærdalspoteter i butikken tilsvarande tidlegare enn i fjor.

Det betyr at langreiste kypriotiske poteter blir erstatta med svært kortreiste frå Lærdal, noko som bør skje så tidleg som mogleg for bøndene sin del.

– Det er best prisar heilt i starten. Prisen me bønder får for potetene fell som regel ganske kraftig den første veka etter at det kjem norske poteter i butikken, fortel Lysne.

I følgje Landbruksdirektoratet sine prislister fall produsentprisen på 1 kg norske poteter frå 15,09 kr. til 10,95 kr. i løpet av den første veka det var norske poteter i butikken i fjor. Altså eit prisfall på 4,14 kr. I løpet av den første veka tek potetbøndene i Lærdal som regel opp 40-50 tonn poteter. Skilnaden på å få teke dette opp heilt første veka kontra andre veka det er norske poteter i marknaden kan altså vera rundt 200 000 kr. totalt.

– Kva er den beste vérutviklinga for dykkar del vidare i sesongen?

– Det bør jo vera greie temperaturar. Men ikkje for varmt heller, då et folk mindre poteter, seier Lysne. 

 

Til toppen