Utladalen: Nystedt, som kjøpte Svalheim i november 2014, har sidan den gongen gjort mykje med området og bygningane her.
Den store raude låven ser heilt klart ut til å trenge litt kjærleik, og til hausten er det nettopp det den skal få, fortel Nystedt.
– Me har alltid prosjekt på gang, men me har lyst til å lage eit selskapslokale, så me startar med eit fasadeløft til hausten.

Godt i gang
I det gamle eldhuset er det blitt sengeplassar, og i nabobygget kan ein få kjøpt seg noko godt å drikke og blir i dag nytta ulike sosiale lag. I tillegg har heile uteområde endra karakter.
- Les også: No har han kjøpt Svalheim gard
– Det er jo noko me brenn for å få opp eit lokale i låven og pynta den opp til å bli ein flott stad å vere. Me føler me har lykkast godt med vognhuset, og me trur dette kan løfte staden endå meir.
Nasjonalt nivå
Låven har tidlegare vore i bruk som stall for hestar, og i framtida kan det altså bli eit selskapslokale, ein foredragssal eller i bruk til kunstutstillingar.
– Me trur dette vil løfte heile staden opp på eit regionalt og nasjonalt nivå med tanke på gardsturisme, seier Nystedt.