NYTT PROSJEKT: Det nye handelsområdet kjem til høgre for Sogn stormarked, der Ekjøp og Bohus held til i dag. Til venstre ser me så vidt bygget der Maxbo held til. (Foto: Handelsbygg)
HANDEL: Det blir nok av parkeringsplassar, ifølgje planane. (Foto: Handelsbygg)
STORE PLANAR: På illustrasjonane ser me seks store bygg, tett på riksvegen som går gjennom Kaupanger. (Foto: Handelsbygg)

Til hausten startar bygginga av nærings- og handelspark til 200 millionar

Handelsbygg har store planar på Kaupanger. Dei trur plassmangel i Sogndal vil lokka store kjeder til industrifeltet.

Kaupanger:  Byggjestart er allereie til hausten, og dei neste tre til fem åra vil det koma fire til seks store bygg på området.

Totalt er det snakk om investeringar for nærare 200 millionar kroner.

SATSAR I SOGN: Handelsbygg har nettopp fullført bygging av ein Europris-butikk i Øvre Årdal. No har dei enno større planar føre seg på Kaupanger. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Arkiv. 

– Kva kjeder som vil koma er litt tidleg å seia, men me trur det blir ein kombinasjon av noko bilrelatert, noko byggevarerelatert og noko av typen plantesenter, seier Tore Johan Arntzen, dagleg leiar i Handelsbygg.

Dei første kontraktane snart i boks

Handelsbygg har ifølgje eigne nettsider bygd 42 butikkar og næringsbygg i Norge og Sverige sidan 2006. Mellom anna bygde dei Europris-butikken i Øvre Årdal, som vart opna i desember i fjor.

Ifølgje Arntzen er det stor interesse frå leigetakarar som vil etablera seg på Kaupanger.

– Dersom alt går etter planen blir dei første kontraktane signerte om eit par veker, seier Arntzen.

Plassmangel i Sogndal

Heile nærings- og handelsparken er på 60 mål, der 23 mål er regulert til forretning, og resten til industri. Handelsbygg jobbar for å få regulert om, slik at alt er regulert til forretning.

– Me har ikkje fått særleg respons når det gjeld industrietableringar, seier Arntzen.  

Han meiner Kaupanger er ei god og framtidsretta plassering for plasskrevande handel. For det første er det allereie knapt om plassen i Sogndal. Ifølgje Arntzen har fleire kjeder der gitt signal om at dei kunne ønskt seg meir albogerom.

– For det andre, når du flyttar til Kaupanger kjem du veldig nære Årdalstangen, Øvre Årdal og Lærdal, og 10.000 innbyggjarar til, seier han.

Til toppen