GOD INNSATS: Her er det 4H i Årdal som på fjorårets haustfest delte ut diplom og roser til medlemmane. Til helga skal alle plakettmottakarane i heile fylket samlast til ei enno meir høgtideleg stund i Førde. Foto: Arkiv.
GOD INNSATS: Her er det 4H i Årdal som på fjorårets haustfest delte ut diplom og roser til medlemmane. Til helga skal alle plakettmottakarane i heile fylket samlast til ei enno meir høgtideleg stund i Førde. Foto: Arkiv.

Til helga blir ungdomen heidra for innsatsen i 4H

– Dei har grunn til å vere stolte, dette har dei jobba for, seier Hilde Sværen, organisasjonsleiar i 4H.

Sogndal: I år er det sytti ungdomar i fylket som har gjort seg fortente til 4H-plaketten, tretten av dei frå Sogn. Plakettfesten blir arrangert denne helga og er i år lagt til Førde.

LÆRERIKT: Evita Uglum har lært mest av alt ansvaret ho har fått i 4H. Men det pedagogiske utbytet kjem ikkje i vegen for å ha det litt moro. Her på ein leir tidlegare i år.
LÆRERIKT: Evita Uglum har lært mest av alt ansvaret ho har fått i 4H. Men det pedagogiske utbytet kjem ikkje i vegen for å ha det litt moro. Her på ein leir tidlegare i år.

– Det blir kjempekjekt, då får eg møte att alle dei eg har treft opp gjennom åra. Det blir kjekt å sjå kven som har halde ut ti år i 4H og kven som vil fortsette, seier Evita Uglum frå Sogndal.

– Det er ei høgtideleg overrekking og mottakarane møter som regel i pentøyet og bunad. Dei har grunn til å vere stolte, for dette har dei jobba for, seier Hilde Sværen, organisjonsleiar i 4H Sogn og Fjordane.

Les også: 20 år med Audhumla 4H på Borgund

Lærer å ta ansvar

For å få den gjeve utmerkinga må du ha vore medlem i minst sju år etter at du har fylt tolv år.

I tillegg må du kvar år ha gjort eit 4H-prosjekt, som går ut på å planleggje og utføre eit praktisk arbeid, pluss gjere alt som følgjer med av rapportar og rekneskap.

Uglum er ikkje i tvil om kva det viktigaste ho har lært på sine ti år i organisasjonen.

– Det er å ta ansvar, ta dei oppgåvene eg får og gjera dei, seier ho.

Her er alle plakettmottakarane frå Indre Sogn:

  • Marie Ylvisåker frå Fardal i Sogndal kommune
  • Kari Sunniva Waatevik frå Fjærland i Sogndal kommune
  • Ingunn Supphellen frå Fjærland i Sogndal kommune
  • Evita Uglum frå Sogndal
  • Rakel Humlebrekke Nebb frå Sogndal
  • Gunnar Midtbø England frå Sogndal
  • Vegard Øyre frå Sogndal
  • Kenneth Solstad frå Gaupne i Luster kommune
  • Andrea Elisabeth Bjørk frå Skjolden i Luster kommune
  • Ørjan Ormberg frå Skjolden i Luster kommune
  • Anna Samnøy frå Fortun i Luster kommune
  • Hanna Gram Cock frå Borgund i Lærdal kommune
  • Håkon Voldum Mo frå Borgund i Lærdal kommune
Til toppen