GLAD DUO: Kolbjørn Rydvang og Frederick Gjethammer gler seg til å vise fram det dei har å tilby i kjellaren på kulturhuset. Her poserer dei på treningssenteret på Campus, som òg har fått ein lett makover.
GLAD DUO: Kolbjørn Rydvang og Frederick Gjethammer gler seg til å vise fram det dei har å tilby i kjellaren på kulturhuset. Her poserer dei på treningssenteret på Campus, som òg har fått ein lett makover. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

No opnar det nye treningssenteret i Sogndal

Her er det du kan vente deg.

Sogndal: – Vi ønskjer å vere med å skape eit aktivt kulturhus, med trening, kino, mat, bibliotek og opplevingar, så vi er veldig spente og gler oss til å vise dette fram, seier dagleg leiar Kolbjørn Rydvang i Spenst Sogndal om opninga på laurdag.

Då vil dei demonstrere det nye Boot camp-konseptet, dei personlege trenarane vil vere til stades saman med inviterte gjester og publikum vil få sjansen til å bli kjent med det nye tilbodet og dei tre nye medlemsskapa som no blir introduserte. Før var det berre eitt.

– Dette vil gje medlemmene våre større valfridom, seier Rydvang.

Tre ulike medlemsskap

Basismedlemskapet tilsvarer det gamle og gjer at du trene på Campus. Ekspress er ein billegare variant og gir tilgang til treningssenteret i kulturhuset. Pluss er full pakke og gjer at du kan trene begge plassar, pluss at det gir tilgang på personlege trenarar og andre fordelar.

Frederick Gjethammer er den som skal ha ansvaret for det nye senteret.

– Eg føler tilbodet vi har no i Sogndal verkeleg står i stil med slagordet vårt, som er «trening for alle». Vi har tilbod til alt frå den vanlege mannen i gata til toppidrettsutøvarar. Eg gler meg berre til å sjå kva vi kan få til vidare no, for det er så mange moglegheiter, seier han.

Han fortel at dei vil ha mindre styrkeapparat i kulturhuset enn på Campus, men at det blir større valfridom i korleis du vil legge opp treninga. Til dømes har dei ei grasmatte du kan bruke til sprintøvingar og liknande, samt eit stort ope område der du kan køyre di eiga sirkeltrening med medisinballar, kettlebells og battleropes.

– Der blir det mogleg å lage di heilt eiga økt, for du har meir eller mindre ein leikeplass for deg sjølv, seier Gjethammer.

Tett kontakt med personlege trenarar

I tillegg vil dei ha alt det vesentlege på plass med tredemøller, romaskiner, syklar, elipsemaskiner, frivekter, styrkepark og ein sal for gruppetimar, som medlemmane kan bruke fritt utanom dei fastsette tidene. Personlege trenarar vil alltid vere tilgjengelege.

– Dei kjem til å sitte ope, nesten i eit glassbur. Slik skal det vere enkelt for publikum å ta kontakt og enkelt for dei personlege trenarane å sjå når nokon treng hjelp, seier Gjethammer.

Nyleg har dei fått inn to personlege trenarar med mastergrad frå høgskulen. Ein har spesialisert seg på volumtrening, den andre på nakke- og ryggtrening.

– Med dei på plass, trur vi det opnar opp for ei litt anna kundegruppe. Håpet er at dei kan føle seg trygge, når dei ser kor kompente folk som er her, seier Gjethammer.

Til toppen