Sogndal: Påmeldinga er nyleg avslutta og leiaren for Studentleikane i Sogndal seier dei forventar mellom 550 og 600 deltakarar til bygda neste veke.

– Vi hadde ikkje klart det utan alle dei frivillege som hjelper oss, 150 totalt, som kjem til å gjere alt for at dette skal går rundt, seier Birte Sunde Leirvåg.
Kvalifisering til EM
Studentleikane er det største idrettsarrangement for studentar i landet. I Sogndal vil det bli konkurrert i åtte idrettar: badminton, boblefotball, bordtennis, fotball, motbakkeløp, sjakk, squash og volleyball.
Siger i nokre av greinene, som fotball og volleyball, gir rett til å delta i student-EM i Portugal i 2018.
– Eg føler vi har fått ei fin bredde, seier Sunde Leirvåg.
– Vanvittig spent
Det sportslege vil nok ta det meste av merksemda desse dagane, men studentleikleiaren sjølv legg minst like stor vekt på det sosiale. Det er ein av grunnane til at dei har inkludert boblefotball, der alle stiller likt, nesten uansett sportsleg bakgrunn.

– Nokon er her for å komme til EM, medan andre tek det meir som teambuilding. Vi har prøvd å fange opp begge, seier Sunde Leirvåg.
Opningsseremonien er på Meieriet, men vil vere alkoholfri. Ordførar Jarle Aarvoll har fått æra av å sparke det heile i gang.
– Eg er heilt vanvittig spent og gler meg skikkeleg. Vi har lagt ned utruleg mykje jobb, så eg er spent på korleis det kjem til å gå i praksis, seier Sunde Leirvåg.