OFFENTLEGE: Fleire til no hemmelege dokument i prosessen rundt salet av Fjord1 er no offentleggjorde. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
OFFENTLEGE: Fleire til no hemmelege dokument i prosessen rundt salet av Fjord1 er no offentleggjorde. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Til no hemmelege Fjord1-dokument er offentleggjorde

Prosessen rundt sal av aksjepostar i Fjord1 er no inne i ein ny fase. Dokument i saka er no offentlegvurderte på nytt i lag med Torghatten og publisert. 

Fylkesrådmannen går gjennom sentrale dokument knytt prosessen rundt sal av aksjepostar i Fjord1 til Torghatten med sikte på å kunne offentleggjere mest mogleg, går det fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dette er også etter ynskje frå fylkesutvalet 27. november 2015.  Vedtaket om å selje til Torghatten fekk si endelege avgjerd i august 2016 ved at Konkurransetilsynet la ned forbod mot salet. Etter dette valde fylkestinget å selje til Havilafjord AS.

Les også: Forbyr Torghatten-Fjord1

Les også: Fylkeskommunen sel Fjord1 til Havila

Samarbeid med Torghatten

Om opplysningar kan vere offentlege eller ikkje endrar seg over tid, heiter det vidare i pressemeldinga. I samarbeid med Torghatten er dokument og korrespondanse med Konkurransetilsynet samt dokument frå den politiske slutthandsaminga i 2015 no offentlegvurderte på nytt.

Les alle dei offentleggjorde dokumenta her

Siktemålet er å kunne publisere så mykje som mogleg. Teieplikta her er normalt til for å ivareta selskapa sine legitime interesser, ikkje fylkeskommunen sine. Difor må fylkeskommunen i slike tilfelle få samtykke for offentleggjeringa.

Unntak

Når dokument er skjerma for innsyn, er dette etter heimel i lov: fordi dei inneheld konkurransesensitiv informasjon, fordi fylkeskommunen har hatt konfidensialitetsplikter når det gjeld t.d. bodgjevarar og fordi innhaldet ikkje bør vere offentleg for at vi skal forvalte eigarskapen til fylkeskommunen strategisk og forsvarleg. Unntak frå offentlegheita er til for å sikre fylkeskommunen og andre sine verdiar. For dokument offentlegvurderte i september er heimel for unntak ført på dokumentet.

Arbeidet med offentleggjeringa av dokumenta i Fjord1-saka held fram, og dokumenta  vert lagt ut etterkvart som dei heilt eller delvis vert offentleggjorde, avsluttar pressemeldinga.

Til toppen