SJOKK: Azeib Alemseged og Senait Miheretb frå Eritrea har budd her i sju og åtte år, Sena Kaba Moti frå Etiopia i eitt år. Ingen av dei  visste noko om nedlegginga før Porten.no kom på besøk torsdag føremiddag.
SJOKK: Azeib Alemseged og Senait Miheretb frå Eritrea har budd her i sju og åtte år, Sena Kaba Moti frå Etiopia i eitt år. Ingen av dei visste noko om nedlegginga før Porten.no kom på besøk torsdag føremiddag. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Til saman har dei budd i Sogndal i seksten år: – No mister me alt

Trass eit krevande liv på mottaket, har veninnene blitt sterkt knytte til bygda dei har budd i dei siste sju og åtte åra. Uvissa er stor etter at beskjeden kom om at dei må flytta.

Kaupanger: – Det er eit stort sjokk. Eg har budd her sidan 2011 og fått mange vener her. Det er ikkje lett å bu på eit mottak, men det er mykje lettare når du kjenner folk. No må me starta heilt på bar bakke, seier Azeib Alemseged.

Dei tre veninnene hadde ikkje fått med seg at UDI skal legga ned mottaket dei bur på innan tre månader. Kvar dei endar opp er enno ikkje bestemt.

SNART HISTORIE. Sogndal statlege mottak har kapasitet til 175 plassar på Kaupanger. No må bebuarane flytta til mottak andre stader i landet. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Sonen min går i barnehage her, har fått mange vener og likar seg i Sogndal. Det blir ikkje lett å starta eit nytt liv ein annan plass, seier Senait Miheretb, som har budd i Sogndal i over åtte år.

Ho og Alemseged har fått beskjed om at dei ikkje får bli i Norge. Likevel kan dei ikkje reisa tilbake til heimlandet Eritrea. Det er ikkje trygt.

Sjølv om livet har vore vanskeleg, har dei trivest i Sogndal og dei har hatt kvarandre. No veit dei ikkje om dei får behalda venskapet, når UDI skal finna nye mottak til dei.

– Me har mange problem. Me manglar papir, me har for lite pengar, me har fått avslag, men kan ikkje reisa heim att. Det som gjer det enklare er venene me har fått, at me kjenner området, dei norske som bur her og at dei prøver å hjelpa oss. No mister me alt, seier Alemseged.

– Det er ei katastrofe, det er det einaste ordet eg kjem på.

Til toppen