Anne Marie Mo får blomar for tjuefem års fartstid i kommunen. (Bilde:  )
Birgit Husum ventar på å få blomane medan rådmannen les opp heidersorda og oppsummerar heile hennar tjuefemårige fartstid so langt i kommunal teneste i kommunen. (Bilde:  )
Maria Cecilia Cerda Pena mottek blomane som takk for tjuefem års fartstid i kommunal teneste. (Bilde:  )
HUNDRE ÅR: Til saman hadde dei fire som fekk blomar og diplom av rådmannen og ordføraren tenestegjort i litt meir enn hundre år i Lærdal kommune. Her er det Ragna Stundal som vert heidra. (Bilde:  Snorre Sandemose)

Til saman har dei jobba i litt over hundre år i Lærdal kommune

Torsdag fekk jubilantane diplomskriv, blomar og lovnad om kommunen si gullklokke då dei var med på julelunsj med kommunestyret.

Lærdal:  – Det er kjekt å verta sett pris på, seier Ragna Stundal, som hadde knapt med tid før ho skulle tilbake igjen på jobb. 

Rådmannen las opp eit dikt som ein kollega på helsesenteret, Vivian Kvam, hadde skrive til henne:

Med sprøyter og stikk,
alltid eit nikk!
Smidig og lett på foten,
pasienten er med på noten,
for ho er stadig like kvikk!
  
– Det var overraskande og veldig moro å få høyra det diktet. Og hyggjeleg med skryten frå helsesenteret, seier Stundal. 

Kommunestyret sin julelunsj hadde kulturelt program

Fire av dei fem som i år har unnagjort sitt 25. år i teneste for Lærdal kommune hadde høve til å vera med på julelunsjen til kommunestyret. 

Før politikarane og gullklokkemottakarane fekk forsyna seg med julemat, var det underhaldning ved Lærdal kulturskule. Tre jenter song og spela ein sketsj.

Under desserten vart jubilantane ropa fram til ordføraren og rådmannen. Dei fekk blomar og takkeskrivet der det stod om presangen. 

– Eg ser fram til å få gullklokka, det er eit veldig fint armbandsur, seier Stundal. 

Dei fyrste femten åra i kommunen jobba ho i heimesjukepleien, dei neste ti åra har ho vore på helsesenteret. Det var dit ho fór av garde etter julelunsjen.

Alle dei andre kvinnene måtte på jobb dei óg med det same lunsjen var slutt. 

Den femte kvinna som får gullklokka, men som ikkje hadde høve til å vera med på kommunestyret sin julelunsj, er Torill Nordhagen. Ho har 25 års fartstid i kommunal barnehage i Lærdal.

Til toppen