TIL SEMI: Jotunjentene i 17-årsklassa jublar over semifinaleplass i Norway Cup.

TIL SEMI: Jotunjentene i 17-årsklassa jublar over semifinaleplass i Norway Cup. (Bilde: Frank Eldegard)

Norway Cup

Til semifinale: – Ein fantastisk gjeng med ei fantastisk innstilling

– Eg trur ikkje Jotun har hatt lag i semifinalen i A-sluttspelet i Norway Cup, så me er utruleg stolte, seier lagleiar Frank Eldegard.

Oslo: Jotunjentene i 17-årsklassa er klare for den "historiske" semifinalen etter 3-0-siger mot Ganddal i kvarten fredag føremiddag. No ventar Drøbak-Frogn klokka 17 fredag ettermiddag.

Og det blir uansett ein kamp til; anten bronsefinale eller finale. Mot anten Kongsvinger eller Utleira.

– Dei me konkurrerer mot her på slutten er store klubbar med mykje større troppar enn vår. Kongsvinger nar Norges Toppidrettsgymnas, Utleira stiller med to lag og 35 spelarar. Mange av dei andre laga har med stort sett berre 17-åringar og nokre 18-åringar dei har lov til å ha med. Me har ein tropp på 15 beståpande av stort sett 15- og 16-åringar pluss nokre få 17-åringar. Så eg vil seia det er ein kjempeprestasjon, seier Eldegard.

I kvartfinalen mot Ganddal gjekk Jotun sigrande ut med heile 3-0. Eldegard fortel dei hadde rimeleg god kontroll.

– Det byrja med stillingskrig, men etter kvart fekk me til spelet. Banene byrjar å bli ujamne no så det er vanskeleg å spela godt, men me fekk meir og meir kontroll på kampen og kunne ha scora fleire. Så er me jo botnsolide bakover med berre to mål mot så langt i turneringa.

At ting har gått Jotun sin veg er han klar på.

– Det ryk isposar og teip i fleng no på slutten av turneringa, men me har berre ei ute som vart sjuk, og det er viktig med lite fråfall når troppen er såpass liten sjuk. Ein må ha tur med mykje for å koma så langt, og me kom i ei grei gruppe som me vann og fekk eit svært godt utgangspunkt til sluttspelet. Då såg eg me kunne nå langt, og det har me gjort. Det er ein fantastisk gjeng med ein fantastisk innstilling

Til toppen