Til sjølvlaga koreografi leverte barna eit forrykande danseshow

Som seg hør og bør, mottok Årdal Danseverkstad og dei rundt 80 barna ståande applaus frå eit fullsett Årdal kulturhus.

Årdal: Heilt sidan januar har Karoline Kvåle Låksrud, Thea Øren, Sofie Veum Forthun, Sofie Øren og Karoline Molland Hjønnevåg øvd og øvd og øvd.

Den yngste av jentene er berre 13 år gamal. Den eldste er 16 år. Så godt som åleine har dei fem jentene henta inspirasjon, fått med seg 80 barn og unge i alderen 6 til 16 år og laga tidenes danseforestilling.

Sjå bilete frå danseforestillinga i galleriet øvst i artikkelen.

Til tonar av kjende Disney-klassikarar synte dei at mange timar med øving blir eit herleg resultat. Forestillinga var utselt onsdag kveld.

Artikkelen held fram under biletet.

SJØLVLAGA: Det er dei fem jentene Thea Øren, Sofie Veum Forthun, Karoline Kvåle Låksrud, Sofie Øren og Karoline Molland Hjønnevåg som står bak showet. 
SJØLVLAGA: Det er dei fem jentene Thea Øren, Sofie Veum Forthun, Karoline Kvåle Låksrud, Sofie Øren og Karoline Molland Hjønnevåg som står bak showet. 

– Det er både litt godt, men samstundes litt trist at me no er ferdige, seier Molland Hjønnevåg til Porten.no etter at sceneteppet har gått ned og publikum er på veg ut dørene. 

Dans utan grenser

Dei fem jentene, som Porten.no tidlegare har omtalt, er blitt danseinstruktørar gjennom programmet «Dans utan grenser». Enkelt forklart handlar det om å at barn og unge skal lære andre barn og unge å danse og i beste fall bli instruktørar, slik at desse kan lære opp nye.

– Me har reklamert godt for oss. Over 80 ungar har blitt med og ville læra å dansa frå oss, seier Kvåle Låksrud. 

Etter litt diskusjonar internt i gruppa landa dei til slutt på eit Disney-tema. Med god hjelp frå velvillige foreldre, som har sydd og snikra, kunne ungane levere eit fargerikt show med kreative kostyme og flotte kulissar. 

Laga programmet sjølv

Showet har dei unge dansarane laga heilt sjølv.

– Men me har henta litt inspirasjon på Youtube, smiler dei.

Jentene takkar foreldre og andre som har stilt opp for dei, og dreg spesielt fram Selma Moen Eminovic, som hjelpte til med å halde styr på alle bak sceneteppet. 

– Me hadde aldri klart dette åleine.

Til toppen