FØRSTE TREKKPLASTER UT: Med Sandra Lyng på scena håper Aurlandsmarknaden å lokke fleire frå den yngre garde til arrangementet. Foto: Pressefoto.
FØRSTE TREKKPLASTER UT: Med Sandra Lyng på scena håper Aurlandsmarknaden å lokke fleire frå den yngre garde til arrangementet. Foto: Pressefoto.

Til sommaren kjem ho til Sogn​

Sandra Lyng skal opptre på Aurlandsmarknaden.

Aurland: Artistsleppet gler òg arrangørane, som med ein slik artist håpar å lokke fleire ungdomar til marknaden.

– For oss er det veldig stort at ho kjem til Aurland, seier mediaansvarleg Torgeir Skjerdal.

– Det er eit litt uortodosk val samanlikna med kva som før har vore på Aurlandsmarknaden, seier han.

Les også: Her syng dei kulturveka i gang

Sandra Lyng slo gjennom med ein fjerdeplass i Idol i 2004. Sidan har ho gitt ut eitt album og ei rekke singlar, nokre av dei har oppnådd fleire millionar strøymingar på Spotify.

Skjerdal seier Aurlandsmarknaden framleis vil sentrere rundt dei tradisjonelle bodene og aktivitetane på dagtid, men at det musikalske vil få meir merksemd enn før om kveldane.

Den første artisten dei lanserte fell tydelegvis i smak hos folket.

– Det tok litt av på Facebook i går. Folk delte i hytt og pine, så det er stort for oss å publisere ho som første artist. Men vi er absolutt ikkje ferdige, det kjem meir, lovar Skjerdal.

Til toppen