MØTTE I STIRTINGET: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes jobbar no for å sikre eit betre statsbudsjett for Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MØTTE I STIRTINGET: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes jobbar no for å sikre eit betre statsbudsjett for Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Til Stortinget for å be om eit betre statsbudsjett for fylket

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes jobbar no for å sikre eit betre statsbudsjett for Sogn og Fjordane. 

Årdal/Lærdal: Måndag møtte ho difor på høyring i kommunal- og forvaltningskomiteen i Stortinget. Der la ho vekt på to saker.

Det eine var eit behov for framleis auke i tapskompensasjon som følgje av omlegging til nytt inntektssystem. Det andre var utviklinga i dei distriktspolitiske løyvingane.

– Lite distriktsvenleg inntektssystem

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram av regjeirnga for snart 14 dagar sidan, er det spesielt på desse to områda Sogn og Fjordane kjem dårleg ut. 

No ber fylkesordføraren støttepartia til regjeringa, Venstre og Kristeleg Folkeparti, få til eit budsjettforlik der Sogn og Fjordane kjem betre ut.

Les også: Fylkesordføraren skuffa over statsbudsjettforslaget

– Kombinasjonen av eit lite distriktsvenleg inntektssystem og ei stadig svakare innretning på dei tidlegare distriktspolitiske løyvingane, gjer det svært vanskeleg for oss om budsjettframlegget til regjeringa vert vedteke, seier Kjelsnes.

Behov for meir tapskompensasjon

Regjeringa la i framlegget til statsbudsjett opp til å vidareføre tapskompensasjonen frå 2015. Sogn og Fjordane fylkeskommune har på si side teke høgde for ein auke i tapskompensasjonen i økonomiplan 2016–2019.

Les også: – Eit sentraliserande statsbudsjett

Det betyr at dersom framlegget frå regjeringa vert vedteke, så får Sogn og Fjordaneein årleg reduksjon i driftsrammene på 228 millionar kroner når det nye inntektssystemet vert innført for fullt i 2019. Det er det same som 2090 kroner per innbyggar. Nordland, som taper «nest mest», taper 946 kroner per innbyggar.

Fylkesordføraren bad Stortinget om at tapskompensasjonen vert trappa opp med 60 millionar kroner i 2016, tilsvarande fjorårets budsjettforlik. Ho bad også om ei «rettferdig» opptrapping, der dei som tapar mest, får mest.

Til toppen