NORMAL DRIFT: Fabrikksjef ved Hydro Årdal, Wenche Eldegard, fortel at verket no er tilbake i normal drift etter å ha vore gjennom to straumstans dette året. Foto: Norsk Hydro. 
NORMAL DRIFT: Fabrikksjef ved Hydro Årdal, Wenche Eldegard, fortel at verket no er tilbake i normal drift etter å ha vore gjennom to straumstans dette året. Foto: Norsk Hydro.  (Foto: Norsk Hydro)

Tilbake i normal drift etter straumstans

Hydro Årdal leverte eit resultat på 95 millionar kroner før renter og skatt i tredje kvartal.

Årdal: Det stadfestar fabrikken i ei pressemelding tysdag. Verket er no tilbake i full produksjon etter å ha gjennomgått to straumbrot dette året.

– I løpet av tredje kvartal har me fått fora om og starta opp att dei elektrolysecellene som måtte stengjast ned då me blei råka av straumutfall i juni. No er me tilbake i normalt produksjonstempo og har ei fin utvikling i drifta, seier Wenche Eldegard, som er verkssjef.

Ho legg til at dei no kan jobbe med å optimalisere drifta att i staden for å fokusere på etterarbeidet etter straumutfalla. 

– Eg vil også trekke fram organisasjonen som har vore veldig framoverlent og i bra driv. Dei har gjort og gjer ein fantastisk jobb, seier ho til Porten.no. 

Høgare prisar

Hydro Årdal kan vise til eit resultat på 95 millionar kroner før skatt og renter i tredje kvartal. Ein auke i aluminiumsprisane og produksjonsvolum sørga for større inntening for verket samanlikna med kvartalet før.

– Med motsett forteikn traff høgare prisar på aluminium resultatet nedover, og produkttillegga me mottek i støyperiet gjekk ned på grunn av mindre etterspurnad i Europa i feriemånadene, seier ho og presierer at pilene peikar i rett retning for verket i Årdal.

Når det gjeld tida som kjem, er det vanskeleg å spå prisane.

– Forventingane våre er at dei skal liggja på same nivå som no. Når det gjeld marknaden, er den bra også i fjerde kvartal. Estimatet på dei produkta me produserer er over businessplan, så det er eit positivt teikn. Eg skulle gjerne sett høgare prisar, men det kan me ikkje påverke. 

Stabilt produksjon på karbon

Når det gjeld karbon, vert drifta her omtala som god og stabil med høg kvalitet. På Årdalstangen vert det produsert 190.000 tonn med anodar kvart år. 

Elles er det gjort omfattande vedlikehald i valseblokkstøyperiet, som Porten.no tidlegare har omtalt.

– Mellom anna skifta me ein støypesylinder som med sine rundt 60 tonn måtte løftast ut gjennom taket med ei stor kran. Prosjektet var godt planlagt og vart gjennomført på ein svært god måte, seier Eldegard. 

Til toppen