NORGE IKKE NOK: Petter Haugneland i Norsk elbilforening sier vi nå er avhengig av at andre land også får opp elbilsalget, da særlig i Tyskland.
NORGE IKKE NOK: Petter Haugneland i Norsk elbilforening sier vi nå er avhengig av at andre land også får opp elbilsalget, da særlig i Tyskland. (Bilde: Elbilforeningen)

Tilbodet avgrensar marknaden

I åra fram til 2020 vil det bli lansert ei rekke nye elbilar, som tusenvis av nordmenn har bestilt før dei har sett det endelege produktet. Men det verkelege gjennombrotet for elbilen er avhengig av at andre land kjem etter.

Det kan no sjå ut som vi er over i ein ny fase for elbilane, med stadig nye modellar med solid rekkevidde. Nyleg blei Opels Ampera-e lansert, ein elbil som kan gå opptil 50 mil mellom kvar lading, og som har treft så godt i den norske marknaden at ventelista er lang. Bestiller ein den i dag, får ein nøkkelen tidlegast hausten 2018.

Også fleire eksisterande elbilar har fått betydelege oppgraderingar den seinare tida. Renault lanserte Zoe med 400 kilometers rekkevidde i vinter, Volkswagen e-Golf blei nettopp klar med 30 mils rekkevidde. Det er også mogleg at Tesla rekk å lansere Model 3, ein mellomstor bil med over 300 kilometers rekkevidde, seint i 2017.

I åra fram til 2020 vil elbil-floraen vekse, når éin etter éin av dei store produsentane rullar ut køyretøya sine, og nokre kjem allereie neste år.

Kraftige saker

For ikkje lenge sidan viste Jaguar sin første elbil, SUV-en I-Pace, i Oslo. Førebels er han som ein konseptbil å rekne, men dei første ferdige bilane skal vere hos norske kundar i 2018.

STOR INTERESSE: Mange møtte opp for å se på Jaguars kommende elbil, I-Pace, da den ble vist fra i Oslo for ikke lenge siden.
STOR INTERESSE: Mange møtte opp for å se på Jaguars kommende elbil, I-Pace, da den ble vist fra i Oslo for ikke lenge siden. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Jacob Moer Aanonsen, salssjef for Jaguar Land Rover Norge, fortel at dei nærmar seg 750 reservasjonar på bilen frå kundar som har betalt 10.000 kroner for å vere tidlegast mogleg i køen.

– I tillegg har vi cirka 1.800 interessentar som har meldt at dei ønskjer å kjøpe bilen, seier han.

Dette vil auke volumet på merket i Noreg betrakteleg. I fjor blei det registrert 359 nye Jaguarer i Noreg, ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikkens statistikk. Dette er det beste talet Jaguar nokon gong har hatt.

På visinga i Oslo anslo den norske importøren ein pris rundt 700.000 kroner. Bilen er bygd som ein elbil frå grunnen av, og rekkjevidda skal vere på 50 mil, med ein batteripakke på 90 kWh.

Tusenvis på liste

Neste år er også Audi klar med sin første elbil, e-tron quattro. Den norske importøren melder om stor interesse for bilen, med mange førehandsreservasjonar.

– Vi har runda 2.100, og forventar fleire når vi kan dele endå meir informasjon om bilen, prisar og utstyr. Vi kjem til å få god tilgang til bilar, så vi er trygge på at vi kan vareta mange fleire enn dei som står på lista no. I tillegg til dei nemnde 2.100, har vi eit par tusen på ei interesseliste, seier Øyvind Rognlien Skovli, kommunikasjonssjef i Audi.

NESTE ÅR: Audi e-tron quattro er klar for norske kunder neste år.
NESTE ÅR: Audi e-tron quattro er klar for norske kunder neste år. Foto: Produsenten

Bilen har ein batterikapasitet på 95 kWh og skal ha ei rekkevidde på meir enn 50 mil. Det er ein ganske stor SUV, med mykje krefter. Effekten skal motsvare 435 hestekrefter, og null til hundre tar 4,6 sekund.

Frå få til 100.000 på sju år

I 2011 lanserte Nissan elbilen Leaf i Noreg, og sidan den gong har han selt godt. Det har vore andre elmodellar som har selt betre i periodar, men ingen har selt meir over tid. I vår passerte modellen, som første elbil, 30.000 leveringar i Noreg.

I september skal neste generasjon Leaf avdukast. Det er førebels tynt med detaljar rundt bilen, men det er venta at den vil ha mange fellestrekk med konseptbilen IDS.

Om to år skal Porsche komme med sin første elbil, kalla Mission-E. Morten Scheel, administrerande direktør hos den norske Porsche-importøren, merkar også stor interesse, sjølv om dei ikkje har opna for offisiell førehandsbestilling.

– Men kundar kan ta kontakt med forhandlar for å komme på lista over interessentar, og det er det relativt mange som har gjort.

ELEKTRISK: Volvo viste også fram en ny, elektrisk, drivlinje som skal klare 35 mil mellom ladingene, og blir å finne i deres biler om et par år.
ELEKTRISK: Volvo viste også fram en ny, elektrisk, drivlinje som skal klare 35 mil mellom ladingene, og blir å finne i deres biler om et par år. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

I 2009 var det 3.000 elbilar i Noreg, i 2015 blei 50.000 passert, og i november 2016 runda elbil-talet 100.000.

Så langt har det vore Noreg, og til ein viss grad Nederland, som har hatt ein strategi rundt elbilar. I 2016 var 15,7 prosent av alle nye bilar i Noreg elektriske.

I 2015 var talet 22,4 prosent, medan i land nummer to på lista, Nederland, var 9,7 prosent av nye bilar elektriske same år. Sverige på 3.-plass hadde ein del på 2,6 prosent i 2015, ifølgje ei undersøking gjort av PA Consulting.

Avhengig av andre

Petter Haugneland, kommunikasjonsleiar i Norsk elbilforening, meiner den norske elbilmarknaden no kunne ha blitt verkeleg stor.

– Det begynner å komme modellar som vi har sakna, store familiebilar som har skikkeleg rekkevidde. Halvparten av personbilmarknaden i Noreg er større bilar. Problemet er at tilbodet avgrensar marknaden.

Ventetida på ein modell som Opel Ampera-e er som nemnt lang, og det står att å sjå om dette også blir tilfelle for dei kommande modellane.

– Vi er veldig avhengige av at det vert selt bra med elbilar i fleire land enn Noreg. Marknaden består av tre aktørar: styresmakt, produsent og forbrukar. Bilprodusentane kjem sakte, men sikkert etter, medan det i andre land enn Noreg er liten innsats frå styresmaktene.

Haugneland trekker fram den elektriske versjonen av Mercedes-Benz B-klasse, som har selt veldig bra i Noreg, men ingenting andre stader, sjølv ikkje i Tyskland. Dermed har fabrikken bestemt å leggje ned produksjonen av modellen.

– Avgiftspolitikken er viktig. Får ein opp mengda elbilar, så blir det kommersielt lønnsamt, både for bilfabrikkane og for dei som byggjer ladestrukturen.

Til toppen