OPPGITT: Rolan Skartun i 1-2-3 ønskjer å satsa på opplæring til dei som ønskjer å ta tungbillappen privat. No har denne satsinga fått eit skot for baugen.
OPPGITT: Rolan Skartun i 1-2-3 ønskjer å satsa på opplæring til dei som ønskjer å ta tungbillappen privat. No har denne satsinga fått eit skot for baugen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Tilbodet om oppkøyring for tungbil i Sogn blir lagt ned: – Næringa skrik etter yrkessjåførar

Rolan Skartun i 1-2-3 Opplæring i Sogndal hadde nettopp gått til innkjøp av ein lastebil med hengar. Ikkje lenge etter fekk han sjokkmeldinga.

Sogndal: Statens vegvesen har bestemt at dei vil legga ned tilbodet om oppkøyring for tungtransport i Sogndal og på Nordfjordeid. Elevar frå Sogn og Fjordane som skal køyra opp må no reisa til Førde.

Hovudårsaka er mangel på sensorar, i dag er det berre èin i heile fylket.

– Ved å samla oppkøyringsprøvene i Førde kan me gjennomføre fleire prøver, ved at vi reduserer reisetida til sensor, seier faggruppeleiar Kristian Andre Sæbø på trafikantseksjonen i Region vest.

Avgjerda kom brått på Rolan Skartun, sjef for 1-2-3 Opplæring i Sogndal. Rundt nyttår investerte han i ny lastebil og hengar, fordi han ønskjer å satsa.

– Det er ikkje store investeringane, men det er nok til at det er forbanna irriterande at dei plutseleg skal fjerna tilbodet, frå ein månad til den neste, seier han.

Meiner nedlegging er eit paradoks

Han set pris på at det er strenge krav til kompetanse for å vera sensor, og skjønnar at det er utfordrande å få kabalen til å gå opp med berre èin sensor i regionen.

– Men eg greier ikkje skjønna at det skal vera eit problem å planlegga fram i tid, og få flytta sensorar hit, i staden for at me skal reisa til Førde med elevane, seier han.

– Konsekvensen for min del er at eg må køyra til Førde tjue mil tur retur for å ta oppkøyring med eit køyretøy som brukar tre til tre og ein halv liter i snitt. Viss eg tek med ein hengar så brukar han enno litt meir. Då kan ein byrja å lura på kvar miljøgevinsten er oppe i det heile. I tillegg til at det går ein heil dag for meg, tid som eg kunne ha brukt på elevane i staden, seier Skartun.

Han meiner det er eit paradoks at tilbodet blir redusert, samstundes som norske firma må tilsetta sjåførar frå andre EØS-land fordi det ikkje blir utdanna nok her i landet.

– Næringa skrik etter yrkessjåførar, seier han.

Vegvesenet vil bygga opp tilbodet i Førde

Han meiner dei som private representerer eit viktig alternativ til den vidaregåande skulen, som her i fylket utdannar yrkessjåførar gjennom den landsdekkande linja på Kaupanger.

Han har enno ikkje heilt bestemt seg for om dei framleis vil tilby opplæring for tungtransport i framtida. Til det er avgjerda for fersk.

– Alternativet er å selja alt og ikkje tilby opplæring i tunge køyretøy. Men det har eg ikkje lyst til, for eg tykkjer det er voldsom kjekt å driva med, seier han.

Vegvesenet skriv at samarbeidet med yrkessjåførlinja på Kaupanger vil halda fram som før. Men dei vedgår at redusert reisetid for sensorane, vil medføra ekstra reisetid for elevane.

– Men me skal bygga opp eit godt tilbod i Førde, med oppkøyringar ein fast dag i veka. Dette kan me òg utvida til fleire dagar om me ser at behovet er stort, seier Sæbø i pressemeldinga.

Til toppen