Tilbragte ei natt i naturen

Barnas Turlag i Lærdal gjorde som Norsk friluftsliv ønskte og tok ei natt i naturen.

Aurlandsfjellet/Lærdal: – Det var litt spennande og kanskje litt kaldt, sa søskenparet Vegard og Katrine Yttri Horge etter å ha tilbragt ei natt i telt på Aurlandsfjellet.

Saman med ni andre ungar i Barnas Turlag i Lærdal og ti vaksne blei natt til søndag tilbragt ute. Med eit fossefall og vatn med vakande fisk i nærleiken gav det veldig flotte kulissar.

Sjå eit stor biletegalleri frå overnattinga øvst i artikkelen. 

– Eg har prøvd å fiska litt, men eg har førebels ikkje fått noko. Eg vann ein flott premie i quizen, så det var kjekt, fortel Vegard.

Leiar i Barnas Turlag, Olav Ødegaard fortel at dei har hatt natursti med quiz på tolv spørsmål. 

– Og alle har fått seg fjellpassbøker med første stempelet i dag. For kvar tur dei går, får dei eit stempel i bøkene sine. Det tykkjer dei unge er kjekt, seier Ødegaard, som hadde lova alle ei overrasking ut på kvelden – ei hovudlykt.

Sjølv om dei vaksne gjorde sitt for å halde alle varme med bålpanne og gode og varme soveposar, kan ein godt forstå at det likevel vart litt kaldt etter som det låg nysnø på dei høgste toppane. 

Bakgrunnen for at natta blei teken i naturen var Norsk friluftsliv sitt ønske om å dra 50.000 ut i naturen denne helga. Målet var å setja ny rekord, og når ein vakna søndag, var det «Kom deg ut dagen». 

Til toppen