TYNNINGSFISKE: I Hilmsvatnet (lengst bak på biletet, Bubottvatnet nærast, Bubottjørni midt i) er det så mykje fisk at bestanden ikkje har god kondisjon. I eit forsøk på å få bukt med problemet, tilbyr Lærdal Jeger- og Fiskerforeining i samarbeid med Lærdal fjellstyre betalt fiske i vatnet. Privat foto
TYNNINGSFISKE: I Hilmsvatnet (lengst bak på biletet, Bubottvatnet nærast, Bubottjørni midt i) er det så mykje fisk at bestanden ikkje har god kondisjon. I eit forsøk på å få bukt med problemet, tilbyr Lærdal Jeger- og Fiskerforeining i samarbeid med Lærdal fjellstyre betalt fiske i vatnet. Privat foto

Tilbyr betalt fiske i statsalmenningen

Det er for myke fisk i fleire av vatna i Lærdal statsalmenning. I eit forsøk på å få bukt med problemet, betalar jeger- og fiskerforeininga folk som vil fiska med garn i eitt bestemt vatn.

Lærdal: - Det er same opplegg som me har hatt før med at folk kan melda seg på tynningsfiske i Hilmsvatnet. Dei som får kompensasjon for garnfiske må setja ut minst tretti garn. Alt av garn og utstyr ligg i naustet, seier Torfinn Grøttebø, leiar i fiskeutvalet i Lærdal Jeger- og Fiskerforeining.

Grupper som vil gjera denne jobben får 1500 kroner per døgn i kompensasjon. Det er båt med motor ved Hilmsvatnet som kan nyttast, og fiskarane får all fisken sjølve.

- Ein må greia og reinska garna til neste gruppe kjem inn i fjellet. Så prioriterer me grupper der det er med ungar og ungdommar så dei yngre skal få eit forhold til fjella våre. Men alle er velkomne til å delta, seier Grøttebø.

Tynningsfiske i fleire vatn

Fiskesesongen i Lærdal statsalmenning startar komande helg og frå då av kan ein melda inn datoar ein vil fiska, både i helgene og vekedagane. Når ei gruppe er sett opp for eit tidsrom er dette tidsrommet oppteke.

- Hilmsbu ligg rett ved Hilmsvatnet og blir reservert for gruppene som driv med tynningsfiske. Når hytta er reservert ser ein i boka som ligg i postkassa ved bommen i Øyridalen, seier Grøttebø.

I tillegg til tynningsfiske i Hilmsvatnet tilbyr dei også gratis garnfiske i småvatna ved anleggsvegen i statsalmenningen, til dømes Eivindtjørn og Tvillingtjørnane. 

- Me har ti garn til desse vatna, som det også er altfor mykje fisk i. Garnfiske her får ein ikkje betalt for, men det er gratis, seier Grøttebø.

Femårig prosjekt

Tynningsfiske i Lærdal statsalmenning er no vorte eit femårig prosjekt i regi av jeger- og fiskerforeininga og Lærdal fjellstyre, som forvaltar fisket i almenningen. Til prosjektet har dei fått løyvd midlar frå Fiskefond 2, som består av konsesjonspengar frå Østfold Energi.

- Me får inntil 25 000 kroner i året fram til 2022, opplyser Grøttebø.

No er det Hilmsvatnet det blir fokusert på, men det kan også koma til å bli tynningsfiske i andre vatn i almenningen.

- Dette kan utvidast, men det er ikkje noko poeng i å starta med for mange. Me må sjå kva me får til i Hilmsvatnet først før me eventuelt går over til andre vatn seinare, seier Grøttebø.

Fisken gyt og får fram yngel i Hilmsvatn

Prosjekt tynningsfiske i Hilmsvatn skulle starta i 2015, men grunna mykje snø og kald sommar då så vatna ikkje opna før ut mot hausten, var det i fjor at ein fekk starta opp for alvor.

- Me hadde fem - seks grupper inne då. Fleire melde seg på, men ein del melde avbod grunna dårleg vêr, seier Grøttebø.

Frå fisken som blei fanga med garn i fjor tok dei skjelprøver og sende inn til Rådgivende biologer i Bergen. Då viste det seg for det første at aurar på rundt 300 gram var åtte til elleve år gamle.

- Så det er ikkje all verda av mat til dei i høve mengde fisk. Av prøvene såg dei også at det var naturleg rekruttert fisk, altså gyt dei i Hilmsvatn og får fram yngel som overlever, forklarar Grøttebø avslutningsvis.

Dei som er interesserte i å delta på dette kan ta kontakt med Torfinn Grøttebø eller Kenneth Grøthe på telefon.

Til toppen