VARIABELT: I nokre av vatna i Lærdal Statsalmenning har det vorte vel mykje fisk, difor tilbyr fjellstyret og jeger- og fiskarlaget i bygda betalt garnfiske i nokre av vatna. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun
VARIABELT: I nokre av vatna i Lærdal Statsalmenning har det vorte vel mykje fisk, difor tilbyr fjellstyret og jeger- og fiskarlaget i bygda betalt garnfiske i nokre av vatna. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Illustrasjon)

Tilbyr betalt garnfiske

I sommar kan du fiska med garn i Lærdal statsalmenning – og få betalt for det. 

Lærdal: – Me gjer dette fordi nokre av vatna i Statsalmenningen trengst å fiskast ut i. I vinter fekk me køyrd inn skuter og garn, og det er båt der frå før av, seier Kenneth Grøthe, leiar i Lærdal Lærdal Jeger- og Fiskarlag.

Lærdal Statsalmenning har om lag 50 fiskevatn, og i nokre av desse er det vel mykje fisk. Difor byr Jeger- og Fiskarlaget i samarbeid med Lærdal Fjellstyre folk som er interesserte i å hjelpa til med tynningsfiske diettpengar for å setja og trekkja garn i utvalde vatn – 1500 kroner for kvar setjing og trekkjing. Fiskarane får sjølve behalda fisken dei får, om dei vil.

Vil engasjera ungdom

Dei to utvalde denne sesongen er Hilmsvatnet og Perbakktjørnin. Desse ligg vest om anleggsvegen inn til Lærdal Statsalmenning. Ved Hilmsvatnet ligg hytta Hilmsbu, som fiskarane kan overnatta i. Inn hit er det om lag to timars gange frå anleggsvegen om ein startar ved Hallingskeidsanden.

Perbakktjørnin er fire mindre vatn som ligg på rekkje og rad vestover, kloss opp mot Hilmsvatnet. Desse er berre skilde av korte vassdrag, så ein har heile området lett tilgjengeleg frå Hilmsbu.  

OMRÅDET: Hilmsvatnet er det store vatnet oppe til venstre (nordvest) på kartet, Perbakktjørnin er dei fire småtjørnane som ligg på rekkje og rad vidare vestover. Ein startar å gå ved Hallingskeidvatnet, som ligg heilt til høgre (aust) på kartet. Kart: Mapbox
OMRÅDET: Hilmsvatnet er det store vatnet oppe til venstre (nordvest) på kartet, Perbakktjørnin er dei fire småtjørnane som ligg på rekkje og rad vidare vestover. Ein startar å gå ved Hallingskeidvatnet, som ligg heilt til høgre (aust) på kartet. Kart: Mapbox

– Me vil gjerne engasjera mest mogleg ungdom. Alle kan melda seg på, men om grupper med ungdom og vaksne er interesserte ser me det som svært positivt. Anleggsvegen opnar 22.juli, så ein kan velja seg datoar når som helst etter dette. Her gjeld førstemann til mølla, og helgene er jo gjerne dei mest populære. Me har  allereie fått nokre påmeldingar, fortel Grøthe.

Vatna har byrja å opna seg

Tilsvarande opplegg var tenkt i fjor også, men på grunn av den snørike vinteren og påfølgjande kalde sommaren fekk dei aldri sett planane ut i livet.

–  I år ser det lovande ut; vatna har byrja å opna seg. Så me reknar med at går an å få ut garn til helga vegen opnar, 22.juli. Med eit visst atterhald om vêrutviklinga vidare, seier Grøthe.

Vidare ønskjer Jeger- og Fiskarlaget og fjellstyret hjelp til garnfiske i nokre av småtjørnane som ligg langs vegen. 

– Om nokon finn dette interessant er det berre å ta kontak med meg eller Torfinn Grøttebø, avsluttar Grøthe.

Til toppen