Lærdal: Ladestasjonen er ein av dei første i Sogn og Fjordane som kan lade alle typar elbilar, og innehavar Ansgar Brugrand ved Joker Ljøsne er glad for å kunne opne stasjonen.
– Det er på tide at det kjem ein ladestasjon her. Joker Ljøsne ligg midt mellom Oslo og Bergen, seier dagleg leiar ved dagligvarebutikken, Ansgar Brugrand.
Eteblert rasteplass ved ladestasjonen
Finmark og Sogn og Fjordane er fylka med dårlegast infrastruktur når det kjem til ladestasjonar for elbil - på E16 har det i følgje ladestasjoner.no ikkje vore noko ladepunkt mellom Aurland og hyttefeltet ved skiheisen på Filefjell før Brugrand no opna stasjonen på Ljøsne.
Tek ein vegen gjennom Hallingdal var Hemsedal første ladepunkt etter Aurland - altså inntil onsdag.
– Dessutan ligg butikken framfor verdas lengste tunnel, seier Dagleg leiar Kristian Braathen i Salto ladestasjonar.
Stasjonen heng på austveggen av butikken og kan tene to elbilar samstundes. Ved stasjonen er det også etablert ein rasteplass for dei reisande.