Sogndal: Frisklivssentralen Sogn er eit samarbeid mellom Sogndal, Leikanger og Luster og målgruppa er personar i alle aldrar som ønskjer å endre livsstil.
I fjor nytta totalt 161 personar seg av tilbodet. Det er for få, meiner fysioterapeut og instruktør Melissa Venes, som ikkje trur folk heilt er klar over kva dei faktisk går glipp av.

– Viss folk har ein livsstil som ikkje er heilt som dei ønskjer, så treng dei ikkje å vente til dei blir sjuke. Dei kan ta tak no, ringe direkte til Frisklivssentralen og få hjelp til å komme i gang med trening og eit sunnare kosthald, seier ho.
– Og det er eit gratistilbod kommunen har. det får dei i seks månader. Så det er eit kjempetilbod som få brukar.
Les også: Hilmar tek tilbake kvardagen med trening
Rett nok var det første økt etter påske, men tysdag var det berre seks trimmarar innom. For Unni Stedje var det første gong ho testa opplegget.
– Det verkar voldsomt greitt. Ho er flink og det var fart over oppvarminga, er hennar dom.
Ho er ein fast gjengangar på treningane til Meir Liv & Lyst og utgjer såleis ikkje kjerna i den målgruppa Frisklivssentralen ønskjer å nå. At ikkje fleire nyttar seg av tilbodet tykkjer ho er merkeleg.
– Kanskje dei ikkje har høyrt om det, seier ho spørjande.