NY TILSKOTSORDNING: Fylkestinget har vedteke ei ny tilskotsordning for hurtigladestasjonar. Utbyggjarar kan no søkje støtte til etablering av slike stasjonar. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.
NY TILSKOTSORDNING: Fylkestinget har vedteke ei ny tilskotsordning for hurtigladestasjonar. Utbyggjarar kan no søkje støtte til etablering av slike stasjonar. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen. (Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.)

Tilbyr ny tilskotsordning til hurtigladestasjonar

Fylkestinget har vedteke ei ny tilskotsordning for hurtigladestasjonar. Utbyggjarar kan no søkje støtte til etablering av slike stasjonar.

Fylket: Fylkestinget slår fast at fylkeskommunen skal halde fram med å ta ei koordinerande rolle når det gjeld å få på plass hurtigladestasjonar i Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen skal bidra til å opprette hurtigladestasjonar ved sentrale knutepunkt eller strekningar som ikkje fell inn under støtteordninga til Enova.

Av vedtaket går det fram at fylkeskommunen skal støtte etableringar med inntil 100.000 kroner. Pengane skal ikkje nyttast til drift og vedlikehald.

Bakgrunnen for vedtaket er at fylkeskommunen meiner det er viktig å få på plass fleire hurtigladestasjonar ved sentrale knutepunkt og vedstrekningar i fylket. 

Til toppen