TESTA: Inga Winjum testar VR-visning etter rettleiing frå dagleg leiar i Nordbohus Sogn, Dag Loftesnes. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TESTA: Inga Winjum testar VR-visning etter rettleiing frå dagleg leiar i Nordbohus Sogn, Dag Loftesnes. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Tilbyr visningar med 3D-briller

Nordbohus Sogn tek i bruk den nye VR-teknologien (virtuell røyndom) når dei skal syna fram bustader som ikkje er bygd enno.

Kaupanger/Sogndal: - Me satsar stort på dette hjå oss; med denne teknologien slepp me å byggja ei eiga visningsleilegheit. Ein får kjensle av å gå inn i og mellom romma, opp treppene og  sjå seg rundt på badet, seier Dag Loftesnes, dagleg leiar i Nordbohus Sogn.

Høvet er kick-off-møtet for det nye leilegheitskomplekset i Aurland, Solhammar. Alle frammøtte fekk tilbod om å sjå dei ubygde leilegheitene med sokalla VR-briller.

Les også: Stor interesse for den første leilegheitsblokka i Aurland

- Dette er første prosjektet med eiga VR-visning, fortel Loftesnes.

- Spesielt yngre og damer likar VR-visning

VR står altså for virtuell røyndom og består ganske enkelt av at ein koplar ein smarttelefon med eit eige program til eit par store briller som kan minna om ei dykkarmaske.

Folk flest tenkjer kanskje VR-teknologien som først og fremst noko dei som spelar dataspel har interesse av. Men bruksområda kan vera mange - i høve bustadsal kan potensielle kjøparar ta på seg brillene og "gå rundt" i ei leilegheit som ikkje er bygd.

- Me ser at spesielt yngre og damer tykkjer dette er ein veldig fin måte å få innblikk på. Eldre menn er gjerne veldig vande med å lesa planteikningar, og tykkjer det er like greitt, seier Loftesnes.

- Korleis har responsen vore på å halda "visningar" på denne måte her i dag?

- Veldig bra. Me ser at folk er litt skeptiske først, men viss ein først prøver vil alle andre prøva også.

Tryggast sitjande

POPULÆRT: Etter kvart drista dei fleste seg til å prøva virtuell visning, her forklarar prosjektkoordinator Heidi Helle.
POPULÆRT: Etter kvart drista dei fleste seg til å prøva virtuell visning, her forklarar prosjektkoordinator Heidi Helle.

Det kan også vera til dels underhaldande å sjå på folk som går på visning med VR-briller - ein må bevega på hovudet, dreia overkroppen rundt og så vidare for å "koma vidare" til neste rom, eller sjå på noko anna i rommet ein "er i". 

Har ein dei på ståande går ein fort rundt sin eigen akse, eller gjer andre rørsler som krev trygge omgjevnader.

- Me ber dykk sitja nede når de nyttar brillene - ein kan bli litt øren når ein brukar desse. Og me vil nødig ha skader, opplyste Heidi Helle, prosjektkoordinator for Solhammaren.

Inga Winjum var ein av dei som testa VR-visning.

- Det var veldig greitt - og litt spennande og artig når det er ein heilt ny måte å gjera det på. Eg kunne ha føretrekt at dimensjonane var litt større.

Til toppen