KURS: Torunn Todal Laberg og Lars-Kristian Fauske skal gjennom selskapet Bulder&Brak setja opp kajakkurs i løpet av dei neste vekene. – Dette er ein type aktivitet som passar for veldig mange og i Årdal er moglegheitene veldig bra, både til fjells og langs fjorden, seier Laberg.
KURS: Torunn Todal Laberg og Lars-Kristian Fauske skal gjennom selskapet Bulder&Brak setja opp kajakkurs i løpet av dei neste vekene. – Dette er ein type aktivitet som passar for veldig mange og i Årdal er moglegheitene veldig bra, både til fjells og langs fjorden, seier Laberg. (Foto: Arkiv)

Tilgang på absolutt alt eit friluftsmenneske kan drøyme om

Torunn Todal Laberg og Lars-Kristian Fauske ønskjer å dela spektakulære naturopplevingar med årdøler og tilreisande gjennom sitt nyoppstarta friluftslivselskap Bulder&Brak. 

Årdal: Ekteparet har endeleg realisert drøymen om å starta opp eige friluftslivselskap der dei tilbyr folk ei naturoppleving litt utanom det vanlege. 

– I Årdal har ein tilgang på absolutt alt eit friluftsmenneske kan drøyme om, men det er ikkje noko særleg miljø for det, seier Laberg.

Saman med Fauske, er ho aktivitetsleiar og guide i det nyoppstarta selskapet som skal få sogningar opp av sofaen og ut i naturen. 

Starta opp kajakkmiljø

Paret som flytta for Voss for nokre år sidan, var begge aktive i padlemiljøet i ekstremsporthovudstaden i Noreg. 

– I Voss er det miljø for alle moglege aktivitetar utandørs, seier Fauske som har drive med elvepadling sidan tidleg på 2000-talet. 

AKTIVITET: Tøffingen Oliver Straumsheim Breivik sette seg godt til rette i kajakken denne vakre og varme vårdagen i mai. 
AKTIVITET: Tøffingen Oliver Straumsheim Breivik sette seg godt til rette i kajakken denne vakre og varme vårdagen i mai. 

Under Nasjonalparkfestivalen om to veker skal paret debutera med kurs i kajakk. 

– Det er nesten fullt og berre to plassar igjen. I Årdal er det nokre entusiastar som driv på med kajakkpadling. Me vil nå ut til breidden og gjere aktivitetar opne for folk flest. Alt trenge ikkje vera ekstremt, sjølv om det er gøy, seier Laberg. 

Eit steg vidare

Paret har vore i friluftslivbransjen i fleire år og teke med seg folk på klatring, turar i fjellet, toppturar på ski, brevandring og padling. 

– Me har hatt med oss folk på tur i fleire år, så no tek me det berre eit steg vidare. No ønskjer me å vera nokon som kan ta folk med ut på opplevingar som dei kanskje ikkje ville ha funne på sjølv og veileda folk for å gjera opplevinga trygg og gøy, seier Laberg. 

Bulder&Brak har investert i fleire kajakkar og padleutstyr. Planen er å starte opp med kurs i løpet av dei neste vekene. 

– Me har hatt så utruleg mykje glede av naturen i fleire år og no er me gamle nok til å dela det med andre i større grad, seier Laberg.

–  I år er målet å komma i gong. Me legger lista lågt og siktar høgt. I tillegg har lyst å utvikla ulike konsept, seier Fauske. 

Eksotiske opplevingar

Planen framover er å setja opp kajakkturar på vatnet mellom Øvre og Tangen, langs Sognefjorden og på fjellet. 

– Terskelen for å byrja med noko sånt er kjempe liten. Om ein lika å vera ute og få ein anna naturoppleving, seier Laberg. 

I påsken padla paret i Øygarden og haldt på å få ei havørn i hovudet. Førre gong dei var på Sotra, kom dei tett innpå ein oter langs vatnet. 

KURS: Torunn Todal Laberg og Lars-Kristian Fauske har starta opp friluftslivselskapet Bulder&Brak.
KURS: Torunn Todal Laberg og Lars-Kristian Fauske har starta opp friluftslivselskapet Bulder&Brak.

– For oss som bur inne i fjordane, så er det ein ganske eksotisk oppleving. Ute i Årdalsfjorden kan ein komme veldig nær ørn og nise. Vatnet er utruleg klart og ein kjemme inn på dyre- og fugleliv på ein heilt anna måte, forklarar ho. 

I tillegg til å skli tett innpå eit spennande dyreliv, meiner Laberg at det å drive med kajakk kan vera utruleg meditativt.

– Om eg har hatt det travelt i periodar, kjenner kvilepulsen slå inn for fullt i kroppen når eg er ute på vatnet i kajakken. Det er ein veldig behagelig aktivitet og ikkje så veldig slitsomt, seier Laberg. 

Finn ungdomskjelda 

I tillegg til kajakkturar i høgfjellet og langs fjorden, ønskjer paret å tilby folk guida turar til fjells. 

– Utladalen, der me bur, er ein sentral del av opplegget vårt. Det er den finaste vegen eg veit om inn til Jotunheimen. Vegen har ein historisk sus over seg, seier Laberg.

Komponisten Edvard Grieg uttala at han vart ti år yngre kvar gong han kom til Vetti Gard og omtala staden som ungdomskjelda. 

– Bli med på tur for å bli yngre. Årdølene har utruleg mykje å vera stolte over og me har eit unikt utangspunkt i forhold til naturen rundt oss. Utladalen er absolutt like fin som Aurlandsdalen. Det er eit heilt spesielt dalføre og Vettisfossen er det lengste frie fossefallet i Nord-Europa, seier Laberg. 

Til toppen