RETT: Sp-politikar Erling Sande meiner tilgang til breiband burde vore ein rett.
RETT: Sp-politikar Erling Sande meiner tilgang til breiband burde vore ein rett. (Foto: Senterpartiet/Flickr)

MEININGAR

«Tilgang på breiband med god kapasitet burde vore ein rett på linje med elektrisitet og vatn»

– vi risikerer eit digitalt skilje mellom dei lokalsamfunn og stader som har god breibandsdekning og dei som ikkje har det, skriv Erling Sande i innlegget.

Meiningar: Koronapandemien som vi er oppe i har gjort at vi har måtte endre oss og løyse oppgåver på nye måtar. Mange har i lange periodar både hatt arbeidsdagen sin og kontakt med slekt og vener på skjerm.

Alle forstår no viktigheita av å ha tilgang til breiband – og at retten til breiband med god kapasitet må gjelde for alle, i heile landet.

God bandbreidde er heilt avgjerande for folk og næringsliv i alle delar av landet. Mange offentlege og private tenester, og det aller meste av informasjonsutvekslinga, er allereie digitalisert. Ikkje minst har staten sjølv lagt opp til at mange tenester skal løysast på nett.

Risikerer digitalt skilje

Ein føresetnad for dette er faktisk at ein har nettilgang, og at nettet har nødvendig kapasitet til den kommunikasjonen som skal foregå. Tenestene som vert utvikla treng stadig meir bandbreidde for å vere velfungerande. Dei som ikkje har denne kapasiteten

”Koronamånadane” vi har vore igjennom har vist oss kor viktig godt breiband er.

Erling Sande

vert hengande etter, og vi risikerer eit digitalt skilje mellom dei lokalsamfunn og stader som har god breibandsdekning og dei som ikkje har det. 

Den sittande høgreregjeringa har på langt nær satsa nok på utbygging av breiband rundt om i landet – noko Senterpartiet fleire gonger har påpeika. Stadig dukkar det opp saker frå lokalsamfunn som endå ikkje har fått tilstrekkeleg dekning, grunna manglande utbygging og gamal infrastruktur.

Under nedstenginga i mars måtte mange velje om kapasiteten i nettet skulle nyttast til undervisning for ungane eller om dei med heimekontor skulle få gjennomføre arbeidsoppgåvene sine. Nokre stader verkar det som Telenor avsluttar nødvendig vedlikehald eksisterande infrastrukturen, før innbyggarane har fått tilgang på ny. I slike tilfeller vert lokalsamfunna sett tiår tilbake i tid samanlikna med resten av verda. Det rammar bulyst og verdiskaping.

Burde vore ein rett

Med ei god breibandsdekning burde det ligge til rette for det motsette – nemlig, som Telenor sjølv har spådd – ein kvardag der langt fleire tilsette kan sitte kvar dei vil i landet. Det vil verkeleg bety moglegheiter for by og bygd i heile landet.

Tilgang på breiband med god kapasitet burde vore ein rett på linje med elektrisitet og vatn. ”Koronamånadane” vi har vore igjennom har vist oss kor viktig godt breiband er, og det er på tide at alle innbyggarane no vert sikra god breibandsdekning. Ei ny regjering der Senterpartiet er med vil prioritere infrastruktur i heile landet, og arbeide mot digitale klasseskiljer.

Til toppen