RESTRIKSJONAR: Dei som skal inn på sjukehusa til Helse Førde framover vert sjekka i døra og planlagde timar kan bli utsette.
RESTRIKSJONAR: Dei som skal inn på sjukehusa til Helse Førde framover vert sjekka i døra og planlagde timar kan bli utsette. (Foto: Helse Førde)

Tilgangskontroll og redusert aktivitet ved sjukehusa til Helse Førde

Frå og med fredag innfører Helse Førde nye tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Helse Førde: Helse Førde innfører tilgangskontroll ved hovudinngangane til alle sjukehusa frå og med fredag. Samtidig kuttar føretaket i planlagt aktivitet, slik at dei som har time på sjukehuset kan oppleve at denne må utsetjast i tid, skriv Helse Førde i ei pressemelding. 

Det vil verte merkbare endringar i vekene som kjem for både pasientar og pårørande på grunn av koronaviruset. 

Utsett aktivitet

Framover vil Helse Førde gjere induviudelle vurderingar for kvar enkelt sjukehustime og pasient og vurdere i kva grad behandlinga hastar. Der det er medisinsk forsvarleg, vil mange av dei planlagde timane og behandlingane kunne bli utsette, står det i pressemeldinga. 

Årsaka er at det må vere nok personell til å behandle dei mest alvorleg sjuke. 

Helse Førde treng også tida til å øve på, planleggje og leggje til rette for ein situasjon der   mange smitta kan komme inn i sjukehusa. 

Vert sjekka av personell

Alle som skal inn i sjukehusa til Helse Førde vil no verte møtte av personell som sjekkar om ein har avtale og vurderer smitterisiko. Har du ikkje time eller vert vurdert til å ha smitterisiko, vert du avvist, skriv føretaket i pressemeldinga. 

Helsedirektoratet har bestemt at alle personar som har risiko for å vere smitta skal avvisast frå alle helseinsitutsjonar i landet. Det er først og fremst personar med luftvegsinfeksjon som kan bli nekta tilgang.  

Helse Førde skriv at dei forstår at restriksjonane kan skape heft for den enkelte, men at dei er livsviktige og naudsynte for å hindre spreiing av smitte i sjukehusa.

Til toppen