Høyanger: Politiet fekk klokka 12.47 melding om at ein tilhengar på ein lastebil har velta i svingane etter Rå mot Lavik på E39. Tilhengaren var lasta med slakt frå gris.
Tilhengaren blokkerer vegen som difor er stengt. Det skal ikkje vere nokon personskade etter velten. Entreprenør, bergingsbil og naudetatane er på veg.
Det er førebels ukjent kva som er årsaka til velten, melder politiet.
Klokka 14.59 vart det opna for trafikk i eitt felt med manuell dirigering på staden, melder Statens vegvesen.
Statens vegvesen melder klokka 16.55 at vegen vert stengt i opptil to timar på grunn av bilberging.