DEBATT: Før helga var det politisk debatt i bygdahuset i Fjærland. Mange møtte for å høyra kva politikarane meinte om bustadutvikling, klima og vegar i nye Sogndal kommune.
DEBATT: Før helga var det politisk debatt i bygdahuset i Fjærland. Mange møtte for å høyra kva politikarane meinte om bustadutvikling, klima og vegar i nye Sogndal kommune. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Tilhøyrar om klimadebatt: – Eg får Titanic-kjensla. Dette går ikkje bra

– Klimapolitikk er ikkje kjernefysikk. Det er ein einaste ting ein veit har effekt, skriv Trine Nylehn i dette lesarinnlegget.

Meiningar: Eg reiste til Fjærland for å høyra på debatten i Bygdalagshuset, der ordførarkandidatane var inviterte til å delta. Dette var så langt ute i grisgrenda at eg trudde ingen ville komma, men det var fullt. Me parkerte på eit jorde, det lukta gylle, og me gjekk inn.

Det heile drog ut. Det vart aldri noko ordskifte mellom politikarane. Dei var einige om alt, og møteleiaren hadde ingen plan. Christian Zurbuchen tok ordet på vegne av MDG og minte om at dette var den varmaste augustdagen målt nokon sinne, og at i morgon ville igjen tusenvis av ungdommar protestera mot klimaøydeleggingane.

Han ville vita om dette var noko paneldeltakarane tok innover seg. Dette meinte ordstyrar var vanskeleg for dei å svara på, og gjekk vidare. No var me verkeleg i Fjærland. Dei skulle få all vår merksemd, og me skulle ikkje løfta blikket.

SKEPTISK: Trine Nylehn frå Leikanger meiner klimakampen i større grad bør handla om å redusera forbruket. Foto: Privat

Eitt enkelt svar

Me minte om dagsorden; det var annonsert at debatten ville ta føre seg tema som  «kommunale vegar og bygningar, miljø og klimatiltak og bustadpolitikk». Klima kan aldri vera eit eige punkt. Klima er eit tema som må gå igjen i all politisk tenking og handling. 

Det vart likevel ein runde på tema. Ulike tiltak vart noko famlande lagde fram. Alle innkjøp skulle vera klimavenlege. Bensin- og dieseldrivne bilar skulle fasast ut og erstattast av el-bilar. Høgre sa det var vanskeleg å vita kva som var rette tiltak. Eit ærleg svar.

Klimapolitikk er ikkje kjernefysikk. Det er ein einaste ting ein veit har effekt. Forbruket må ned. Privat og offentleg forbruk. Å redusera klimaskadelege utslepp til atmosferen vil gjera ilt. Politisk er det ei dårleg sak. 

Kvar gong du kjøper ei klimavenleg vare, kjøper du èin ting til. Med mindre, som Høgre sa etter møtet, du kjøper noko som varer i fem år.

Forbruket må ned

Det er vanskeleg å tru på, og delta i, ei så stor rørsle som klimarørsla, når så mange har økonomiske interesser og tener stort på saka. Klima er den nye merkevara. Berekraft er eit stempel du kan få. Knapt noko meir. 

Alle klimatiltak og alt innkjøp av klimavenlege varer gjer at forbruket vårt går kraftig opp. 

Dei politiske partia går inn for meir kollektivtransport – og fleire flyavgangar på Haukåsen. Motsetnadane ligg på rekke og rad. 

Kollektivtilbodet Sogndal – Leikanger er allereie godt. Folk køyrer ikkje mindre bil av den grunn. Bussane kjem berre på toppen. Den einaste gongen sogndølene køyrde buss, var då dei skulle på Arbeidarpartiet sitt nominasjonsmøte. 

– Eg får Titanic-kjensla

Eg har reist med den nye Kommandøren nokre gonger no, den nye el-ferja til Norled mellom Mannheller og Fodnes. Det er så svært. Det er så stort og flott. Bildekket er fleire fotballbanar etter kvarandre.

Salongen er som ein restaurant på Aker Brygge. Glas og stål og dyrt design. Så ekstravagant! Eg får Titanic-kjensla. Dette går ikkje bra. Billettørane berre ristar på hovudet, dei ville heller arbeidd på dei gamle båtane. 

Om det skal ligga noko truverd i å bygga ei klimavenleg ferje må ho strippast ned. Alt må vera heilt enkelt. Det må vera ein båt med plass til bilar, og ein kiosk med kaffi og sveler. 

Forskjellane aukar

Ein kan bygga nye sjukeheimar og skular og bygga ut på Saften, men det kan ikkje vera så flott alt. Det må strippast ned. Og kanskje vert det lika fint. 

Det er ikkje sikkert klimakrisa er det verste me står overfor. Før brukte tjue prosent av verdas befokning åtti prosent av dei globale ressursane. No er tala 10-90. Det er ikkje sikkert resten av befolkninga er villig til å sjå på dette i lengda. 

Du er blandt dei ti prosent rikaste i verda.

Til toppen