STORT BEHOV: Ifølgje styreleiar Jon Skjerdal er det behov for restaurering til ein prislapp på 14,5 millionar kroner på Otternes bygdetun. Foto: Mons Kvamme
STORT BEHOV: Ifølgje styreleiar Jon Skjerdal er det behov for restaurering til ein prislapp på 14,5 millionar kroner på Otternes bygdetun. Foto: Mons Kvamme

Tilrår at Otternes får ein halv million til restaurering

Om det blir drift på Otternes bygdetun denne sesongen er uvisst, men stiftinga ser ut til å få midlar så den store restaureringsjobben kan koma så smått i gang.

Aurland: – Det er ein god start og eit veldig bra signal, seier Jon Skjerdal, styreleiar i stiftinga Otternes bygdetun.

Tunet frå 1700 - talet som ligg midt mellom Flåm og Aurland sentruma har i alt 27 hus i klynge og rekkje. Otternes har tidlegare år halde ope og hatt serveringstilbod for publikum sommarstid – det har også vore ein populær plass for å halda diverse arrangement.

– Første pri i det siste har vore å få i gang restaureringsarbeidet; dei siste ti-femten åra har det vore eit voldsamt etterslep, seier han.

– Har falle mellom alle stolar tidlegare

Sogn og Fjordane fylkeskommunen har i 2017 fått til saman 7,5 millionar kroner over statsbudsjettet til freda bygningar, kulturmiljø og kulturlandskap frå Riksantikvaren. Av desse har fylkesdirektøren tilrådd at ein halv million blir løyvd restaurering av Håkonstova på Otternes bygdetun.

– Otternes har falle mellom alle stolar tidlegare, og aldri fått pengar frå Riksantikvaren, så dette er eit gjennombrot, seier Skjerdal.

Samstundes strekar han under at dei søkte om 2,5 millionar kroner, og av saksframlegget til hovudutvalet for næring og kultur går det fram at verken Eilertstova eller stabburet i Tommasgarden får midlar i denne runden, etter tilrådinga.

– I tillegg til Håkonstova er det desse to som har det mest prekære behovet for restaurering. Og totalt er det stipulert behov for restaurering som berre i seg sjølv vil kosta 14,5 millionar kroner. Tek ein med naudsynt brannsikring er me oppe i 19 millionar kroner. Og då ligg det ikkje inne ei krone til drift, så det skal vesentlege midlar til, seier Skjerdal.

Artikkelen held fram under biletet

EIN HALV MILLION: Tilrådinga frå fylkesdirektøren går ut på at det blir løyvd ein halv million kroner til denne bygningen, Håkonsstova, på Otternes bygdetun.
EIN HALV MILLION: Tilrådinga frå fylkesdirektøren går ut på at det blir løyvd ein halv million kroner til denne bygningen, Håkonsstova, på Otternes bygdetun.

Uvisst om det blir drift på Otternes i sommar

Og korvidt det blir drift på Otternes i sommar er førebels usikkert.

– Stiftinga har gjort førebuingsarbeid inkludert vurdering av struktur på ei framtidig drift. I februar vart det lyst ut etter  drivar, og eventuell drift i 2017 vert endeleg avklårt i samråd med aktøren som vert vald. Me reknar med avklaring før påske, seier Skjerdal

6,2 millionar av dei 7,5 millionane som skal gå til freda bygningar, kulturmiljø og kulturlandskap, blir fordelte når hovudutvalet for næring og kultur har møte på Kviknes Hotel i Balestrand 7. mars. Resten av beløpet, og ei førehandsløyving for 2018 på tre millionar kroner, vert fordelt seinare i år.

2,1 millionar til Ormelid og Wittgensteinhuset i Luster

Dei store vinnarane etter tilrådinga i denne runden ligg begge i Luster. Høgdegarden Ormelid innst i Fortunsdalen skal etter tilrådinga frå fylkesdirektøren få ein million til restaurering av ei stove og eitt stabbur, pluss 170 000 kroner til ein forvaltingsplan.

Wittgensteinhuset etter den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein, som skreiv store deler av verka sine på ei sjølvbygd hytte i fjellsida i Skjolden, er tilrådd løyvd ein million kroner.

I tillegg til at Eilertstova og stabburet i Tommasgarden på Otternes ikkje skal løyvast midlar etter tilrådinga, gjeld det same tåkesprinkling av Hansegarden i Lærdal.

Til toppen