OPPGRADERING: Fylkesrådmannen rår til at fylkeskommunen brukar 1,4 milliardar kroner på oppgradering av 34 tunnelar i fylket. Blant desse meiner han Seimsdalstunnelen burde ha prioritet. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.
OPPGRADERING: Fylkesrådmannen rår til at fylkeskommunen brukar 1,4 milliardar kroner på oppgradering av 34 tunnelar i fylket. Blant desse meiner han Seimsdalstunnelen burde ha prioritet. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Tilrår rehabilitering av 34 tunnelar

Fylkesutvalet tilrår rehabilitering av 34 tunnelar fram til 2024 for å stette krav til tunneltryggleik og ta att forfall.

Årdal/Lærdal: Det er sannsynleg at store delar av fylkesvegbudsjetta dei neste åra vil gå til vedlikehald av tunnelar. Mange gamle tunnelar på fylkesvegnettet og krav til forskrifter har gjort ein samla plan naudsynt.

Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. Fylkesrådmannen har tilrådd ei ramme på 1,4 milliardar kroner i perioden fram til 2024 med bakgrunn i utbetringsnivået som Statens vegvesen har foreslått.

Onsdag vedtok fylkesutvalet tilrådinga, men ikkje før 8. desember vert saka avgjort når ho skal opp i fylkestinget.

Seimsdalstunnelen som prioritet

Fylkesrådmannen ser at ei utbetring berre etter tunneltryggingsforskrifta ikkje vil vere ei optimal løysing.

Det er eit stort behov for å ta att forfall og gjere strukturelle tiltak og andre utbetringar i tunnelane. I vedtaket tilrår ein å gjennomføre tiltak som må til for å stette krava i tunnelsikkerheitsforskrifta samt faglege tilrådingar for tunnelar omfatta av forskrifta. Dette utbetringsnivået omfattar 34 tunnelar.

I tillegg til ramma for tunnelvedlikehald tilrår fylkesrådmannen at fv. 613 Blaksettunnelen og fv. 303 Seimsdalstunnelen vert prioriterte på investeringsbudsjettet i perioden 2018-2024.

Til toppen