KORONA: Ein tilsett ved sjukehuset på Nordfjordeid har testa positivt for Covid-19.
KORONA: Ein tilsett ved sjukehuset på Nordfjordeid har testa positivt for Covid-19. (Foto: Arkiv)

KORONAVIRUS

Tilsett i Helse Førde testa positivt for korona

Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane: Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus testa i går, den 26. juni, positivt på covid-19. Den tilsette er i heimeisolasjon og arbeidet med smittesporing og vernetiltak er i gang.

Den tilsette er ein svensk vikarlege som arbeider ved medisinsk avdeling.

– Me satte med ein gong i verk tiltak etter dei planane Helse Førde har for handtering av koronasmitte, og er i ferd med å få god oversikt over kontaktflata til den smitta, sier direktør ved medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Smittesporing

Helse Førde har sidan den positive prøva vart kjend, arbeidd med å spore kva kontakt den tilsette har hatt med kollegaer og pasientar. Dei som har hatt med den smitta å gjere, blir kontakta av sjukehuset og informerte, og ved behov motta individuelle tiltak.

Pasientar som no treng innlegging, blir sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus.

Til toppen