Førde: Personen er ein av dei ni som kom i karantene i samband med at ein pasient som var innom Førde sentralsjukehus, testa positivt.
Alle dei åtte andre har testa negativt.
Det skriv Helse Førde i ei pressemelding.
Dei ni medarbeidarane vart sette i karantene fordi dei hadde nærkontakt med pasienten som blei sjuk på ein busstur med pensjonistar frå Nord-Jæren.
Pasienten var innom sentralsjukehuset først, og blei deretter send vidare til Haukeland universitetssjukehus der ein koronatest var positiv.
Som følgje av den positive prøven er ytterlegare to tilsette i Helse Førde sette i karantene.
Desse blir testa måndag.