SAMHANDLINGSSJEF: Stig Igland (46) er tilsett som ny samhandlingssjef i Helse Førde. Foto: Helse Førde.
SAMHANDLINGSSJEF: Stig Igland (46) er tilsett som ny samhandlingssjef i Helse Førde. Foto: Helse Førde.

Tilsett som ny sjef for samhandling​

Stig Igland tar over stillinga etter Vidar Roseth i Helse Førde. 

Førde: 46-åringen kjem frå stillinga som avdelingssjef ved Lærings- og meistringssenteret, melder Helse Førde på si heimeside.

Igland har vore tilsett i Helse Førde i 20 år og hatt ulike leiarstillingar. 

– Me er glade for å få Stig inn i denne viktige funksjonen, seier utviklingsdirektør Ann Kristin Kleiven i Helse Førde.

Igland seier sjølv at han ser fram til å ta fatt på dei mange oppgåvene som ventar.

– Eg set stor pris på arbeide i eit tverrprofesjonelt miljø, gjerne på tvers av forvaltningsnivå, seier han. 

– Her får eg bruk for ei systematisk tilnærming til dei komplekse problemstillingane som ligg der, og eg trur det blir viktig å kunne planlegge strategisk og tenke heilskapleg.

Til toppen