Sjølv om NIFU-evalueringa viser at det er uro og frustrasjon i organisasjonen, blir det trekt fram at gjennomføringa i utdanningane har vore god og  at det er blitt etablert nye doktorgradsprogram.
Sjølv om NIFU-evalueringa viser at det er uro og frustrasjon i organisasjonen, blir det trekt fram at gjennomføringa i utdanningane har vore god og at det er blitt etablert nye doktorgradsprogram. (Bilde: Arkiv)

Tilsette meiner fusjonsprosessen har vore lang og kompleks

Ei ny evaluering viser at tilsette ved Høgskulen på Vestlandet er endringstrøytte og at endringstempoet har svekka moglegheitene for medverknad.

Sogndal: – Funna reflekterer organisasjonen slik eg opplever den, og det eg opplever at tilsette gjev uttrykk for, seier Berit Rokne, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, i ei pressemelding.

Berit Rokne, rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Bilde: Eivind Senneset/HVL

Ei evaluering gjort av NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) viser at HVL-tilsette meiner at fusjonsprosessen har skapt slitasje i organisasjonen, samtidig ser det ut til at Høgskulen på Vestlandet (HVL) er i ferd med å finne si form.

Ein langvarig og kompleks prosess

I NIFU sin rapport går det fram at samanslåinga av Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund har vore langvarig og kompleks.

Den faglege omorganiseringa skal ha vore omfattende og dei fleste einingane finst no på tvers av geografiske avstandar. Rapporten slår fast at ein større organisasjon må få lengre vertikale liner og ei høgare grad av formalisering. Dei tilsette derimot skildrar organisasjonen som meir topptung, byråkratisk og tungrodd.

– Ei viktig tilbakemelding er å vekka større engasjement nedanfrå for identiteten til HVL som eit framtidig profesjons- og arbeidslivsretta universitet. Me må skapa gode arenaer i fakultet, institutt, administrative eniningar og på campusane våre for slike diskusjonar, seier Rokne i pressemeldinga.

Sjølv om evalueringa viser at det framleis er betydelig uro og frustrasjon i organisasjonen, finst det også ei rekke positive tegn. Det blir trekt fram at gjennomføringa i utdanningene har vore god i heile perioden og at det er blitt etablert nye doktorgradsprogram. I tillegg er det er ein auke i ekstern finansiering og vitskapeleg publisering.

Til toppen