TRUSLAR: Minst fire tilsette ved Førde helsetun har blitt råka av truslane i løpet av 2019.
TRUSLAR: Minst fire tilsette ved Førde helsetun har blitt råka av truslane i løpet av 2019. (Foto: Seline Larsen/NRK)

Tilsette ved helsetun utsette for hatbrev og herværk

Fleire tilsette ved Førde helsetun skal den siste tida ha motteke hatbrev og ulike former for herværk.

Førde: Politiet etterforskar no saka der fleire tilsette ved Førde helsetun har fått ei rekkje brev med truslar, skriv Dagbladet i dag. Det har vore fleire episodar i 2019 som har råka minst fire kvinnelege tilsette ved helsetunet. 

I det siste brevet, som kom i oktober, står det blant anna: «Me lurer veldig på om du er dum eller spelar dum», «spørs om du klarer gjere deg like populær hos den nye sjefen» og «me har god tru på at du hadde passa godt inn i helsevesenet i ditt eige heimland». 

Breva er anonyme, men er signerte med «helsing frå to kollegaer». 

Politet ser alvorleg på saka og prioriterer etterforskinga av den, men er førebels utan konkrete mistkankar, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal ved Vest politidistrikt til Dagbladet. 

I tillegg til breva, som er det som er meld til politiet, har det vore fleire tilfelle av hærverk i 2019. Blant anna skal ein tilsett ha funne dekka på bilen tømde for luft, fleire har fått dekk punkterte og ein har funne bilen skrapa opp. Ei av kvinnene har også funne ein pose med avføring utanfor husdøra. 

Kommunalsjef for helse- og omsorg i Førde, Kurt Even Andersen, seier til NRK  at han er rysta. 

– Eg har aldri opplevd at tilsette får brev i den form og at det blir skrive at det er frå kollegaer. Dette er heldigvis ikkje noko vi opplever ofte, sier Andersen til NRK.

Kommunen ser alvorleg på det som har skjedd og har hatt personalmøte i avdelinga og med dei som har fått brev. 

 

 

Til toppen