STIMULERER: – Ifølgje SSB har bøndene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 8–9 prosent inntektsutvikling i 2015. Vi har sørgt for å ha ein politikk som faktisk stimulerer til produksjon over heile landet, seier landbruks- pg matminister Jon Georg Dale. Arkivfoto
STIMULERER: – Ifølgje SSB har bøndene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 8–9 prosent inntektsutvikling i 2015. Vi har sørgt for å ha ein politikk som faktisk stimulerer til produksjon over heile landet, seier landbruks- pg matminister Jon Georg Dale. Arkivfoto (Foto: Marita Skeie)

–Tilskotsdelen i jordbruket skeivt fordelt

Tilskotsdelen i jordbruket har dei siste åra blitt skeivfordelt til fordel for bønder i sør og aust. Landbruksministeren seier endringane er marginale.

  • Endret

Nationen skriv at ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet er Agder-fylka, Buskerud og Oppland tilskotsvinnarane i åra mellom 2012 og 2016. Dei som har fått minst, er Møre og Romsdal, Østfold, Nord-Trøndelag og Finnmark.

Frå Hordaland og nordover langs Vestlandet har jordbruket samla tapt ei tilskotsdel på 86,6 millionar kroner på fire år. Tilskota til produksjon, avløysing og pris er inkluderte. Assisterande generalsekretær John Petter Løvstad i Norsk Bonde- og Småbrukarlag er skuffa.

– Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) skryt av at han ikkje angrip distrikta. Her går det jo fram at dei sentrale strøka kjem best ut, seier han. Men Dale er ikkje einig.

– Vi ser at tilskotsendringane enkelte framstiller som enorme, i verkelegheita er marginale. Ifølgje SSB har bøndene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 8–9 prosent inntektsutvikling i 2015. Vi har sørgt for å ha ein politikk som faktisk stimulerer til produksjon over heile landet, seier statsråden.

(©NPK)

Til toppen