REDNINGSAKSJON: Rundt 20.00 fekk politiet melding om at ein mann hadde havna i elva i Flåm. 
REDNINGSAKSJON: Rundt 20.00 fekk politiet melding om at ein mann hadde havna i elva i Flåm.  (Foto: Illustrasjon)

Tilstanden er alvorleg og ustabil

Redningsetatane måtte rykke ut då ein mann hamna i elva i Flåm i ei paragliderulukke tysdag kveld. Mannen i 30-åra er på veg med luftambulanse til Haukeland.

Flåm: Ein mann havna tysdag kveld i elva i Flåm. Politiet fekk melding om hendinga rundt 20.08.

– Me fekk melding om ein person som hadde havna i elva og trippelvarsla dette umiddelvart, seier operasjonsleiar ved politiet til Porten.no. 

Politi, helse, brann, Røde Kors, Luftambulanse og Sea King vart kalla ut til staden.

– Vedkommande er tatt opp av vatnet, og førebels pågår det hjarte- og lungeredning, opplyser politiet vidare. 

Operasjonsleiaren kan ikkje seie noko om kva som har skjedd og kor lenge vedkommande har vore i vatnet.

Oppdatering klokka 2150: Den forulukka er ein mann i 30-åra, tilstanden alvorleg og ustabil i følgje politiet på Twitter. Han er på veg til Haukeland med luftambulanse.

Til toppen